2012-status for villrein i Luster sin del av Breheimen

I nokre år no har all villrein vore freda i Luster sitt område av Breheimen. Samtidig har det like over fylkesgrensa, i Ottadalen søraust, vore nærmast «unormalt» store reinsflokkar på Gudbrandsdalssida. Likevel har det dessverre vore lite eller ikkje utvandring til Luster.

I sommar har det rett nok vore ein del bukkar i Nørdstedalen, inn mot grensa til Skjåk. Det er å håpa at denne bukkeflokken vil auka etter kvart. Ein må ogso forventa at det her vert lagt ut saltsteinar, om dette vart gjort i sommar veit me ikkje, men håpar det.

I Jostedalen, i området mellom Austdalsvatnet og Kupevatnet var det også i sommar nokre fåe bukkar på sommarsbeite, men dessverre berre eit par dagar. Han eies la ut saltsteinar her i samarbeid med Icetroll. Dette burde sjølvsagt vore gjort av dei som har ansvar for reetableringa.

Om den sokalla «Reetableringsgruppa» med leiar H. Mjeldestad eksisterer framleis, er uklart. Villreinbloggen har aldri lagt skjul på at eies vart «djupt skuffa og vonbroten» over det som skjedde der. Spesielt Landbrukskontoret si deltaking var vanskeleg å forstå. Først «headhunta» landbrukskontoret J.E. Colman som vart tilsett som gruppa sin konsulent (utgiftene betalt av Fylkesmannen i S. og Fj). I resten av prosessen kan det vera lite tvil om at arbeidet til Colman og tilrådingane hans vart motarbeidde av det same landbrukskontoret. Slik opplevde eies det, og han var no med, han og.

Eg må seia at denne saki er det viktigaste eg har engasjert meg i, her i Luster. Slik det ser ut no, er sjølvsagt ikkje alt håp ute, det kan nok slengja  nokre bukkeflokkar over til Luster framover, men neppe simler og kalvar, som var ynskjet, og planen. Sjansane hadde vore so mykje større viss Colman hadde fått lov å gjennomføra prosjektet sitt. Det hadde ogso ført til aktivitet og arbeidsplassar. Men draumen om å sjå reinspor i snøen kring Vangsen kan eies berre grava ned, kanskje i ei djup dyregrav der oppe i fjelli.

godt nyttår

 Godt Nytt År !

Advertisements

Ei tilbakemelding to “2012-status for villrein i Luster sin del av Breheimen”

  1. eies Says:

    Eg vil streka under at eg på ingen måte ber «nag» til nokon på det omtala kontoret. Det er trivelege karar og kvinner, både leiaren og dei andre tilsette. Og eg ville gjerne teke ein fjelltur med dei på jakt eller fiske eller kun «rekreasjon». Men skal eg få lagt skuffelsen over det som skjedde bak meg, må eg berre få sagt tydeleg frå om kor dårleg eg meiner denne saki vart handsama.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: