Elgjakt

Dessverre er biletet uskarpt og dårleg. Det viser Io som truleg ogso kunne tenkja seg å få lov bort til elgen. Men denne gongen var det Ulva som måtte få tid til å finna ut kva dette  dyret var for noko, snusa og sleikja litt blod…

I helgi var eg og hundane so heldige å få vera med på elgjakt på “Nordeuropas største aktive sandur”, viss eg ikkje hugsar feil. Det vart ein del strev og gåing før jakta endeleg kunne avsluttast med eit velretta skot. Dette var første gongen Ulva var i nærkontakt med ein elg. Ho logra og viste på fleire måtar at dette var noko ho likte. Mellom anna so nekta ho å vera med meg då eg ville stad å få på meg turre klede.

Dei andre hundane eg har hatt har vore veldig ivrige etter å “busta”. Ulva er ei meir finsleg dame som er litt meir tilbakeholden, so langt. Men det treng absolutt ikkje vera eit dårleg tegn. Det vert spennande å vera med ho vidare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: