Rein ved Holmevatnet… ?

Det er ein god regel at ein ansvarleg redaktør vernar om kjeldene sine. Særleg når det er kjelder ein stolar på.

Villreinbloggen har fått tilsendt eit foto av eit sporavtrykk nedanfor Holmevatnet. Sporet gjekk i retning tippen i Fagredalen. No er eies absolutt ikkje nokon sporekspert, men for han ser dette ut til å vera frå ein liten rein. (Diverre vil ikkje teknikken fungera, men me håpar å få lagt ut biletet i nær framtid.)

Advertisements

4 kommentarar to “Rein ved Holmevatnet… ?”

  1. eies Says:

    Ein herverande jeger mm. seier at dette IVERTFALL ikkje er ein rein. Han trur det er ein hjort, og viser til denne sida:

    http://www.namdalsavisa.no/Magasin/Friluftsliv/article4845399.ece

    eies (som ikkje er nokon sporekspert) seier at det er nokså unaturleg at ein liten rein går åleine. eies trekkjer såleis det laust fundamenterte forslaget om rein, og vil i diskusjonar ol. heretter støtta «jeger mm.» si vurdering av sporavtrykket. (Eit vikarierande argument her er at eies ved fleire høve har fått god datahjelp av «jeger mm.». Dette er likevel ikkje avgjerande for at eies denne gongen har skifta standpunkt.)
    ——————————————————————
    Elles seier fjelloppsynet i Luster at det beste er å få bilde av ei sporrekkje i tillegg. Attmed eit sporstempel er det også fint å ha ein referanse som viser størrelse, td. mobiltelefon, fyrstikkøskje lighter, snusdåse… ju neim itt!)

  2. eies Says:

    eies har lagt ut biletet på kammeret.no, ei side for jakt og skyting. Her kan lesarane sjå kva ekspertisen uttalar:

    http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=21&t=74869&p=798960&sid=f1bea82bcf0835526ea857eb263b4fa3#p798960

  3. Knut Nybø Says:

    Hjort- vengstre framfot.

  4. eies Says:

    Som sporfotografen sa det: «Eg tenkjer no mitt… !» Då vil eg seia det slik: «Eg tenkjer no mitt, men eg seier det ikkje… !»

    Då skulle det vera greitt, veit eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: