Flått i Jostedalen i 2012 ?

Denne flåtten er truleg ein indre-bygding som har meiska seg med hundeblod i ei veke.

“Hundane har fått flått !” var beskjeden eg fekk i går. “Korleis… ?” tenkte eg.

Ulva var rett nok så vidt ute i skogen på Indre-Hafslo for ei veke sidan. Men Io har ikkje vore utom dalen på lange tider. Difor var det rart at begge hundane hadde fått parasitten. No er det sjølvsagt ein teoretisk sjanse for at ein flått kan krypa over frå ein hund til ein annan. Men det er mest aktuelt viss dei deler liggjeplass, og det gjer dei ikkje. 

Finst det sikre rapportar over kor langt fram i Jostedalen flåtten er komen… ?

4 kommentarar to “Flått i Jostedalen i 2012 ?”

  1. Gro Anita Engen Says:

    På Indre Hafslo er det flått i massevis !!! Me plukkar på hunden titt og ofte😦

  2. Anne- Ma Molland Says:

    Skjeldan eg ha funne på hundane, men kattene derimot:-P Og på kyrne (når me hadde kyr)😛 Hjorten er flink til å spre flåtten😛

  3. eies Says:

    Dei siste åri har eg sjekka hjortane som har vore skotne i jaktlaget eg er med i. Ingen av dei har hatt flått !

  4. eies Says:

    Folkehelseinstitttet har ei bra side om flått: http://www.fhi.no/eway/default.aspx?MainArea_5661=5568:0:15,1895:1:0:0:::0:0&MainLeft_5568=5544:58877::1:5570:1:::0:0&pid=233&trg=MainLeft_5568

    Eg voks opp i Ese i Balestrand. Der var det heilt vanleg med flått både på folk og dyr, og eg kan ikkje hugsa at det var noko me bekymra oss over. På kyrne kunne dei henga nærast som “blåbær”, og eg trur det klødde litt slik at dei likte at me ungane plukka dei av.

    På slutten av 60-talet slutta me med mjølkeproduksjon og gjekk i staden over til å kjøpa inn oksekalvar frå ymse stader i Sogn. Det var ikkje problemfritt. Enkelte av ungdyri fekk sjukdomen blodpiss (piroplasmose, babesiose) http://www.vetinst.no/Faktabank/Alle-faktaark/Babesiose

    Om far min var pionær på området, veit eg ikkje. Men forskarnatur hadde han nok, for han fann ut at kalvar som var kjøpte i Indre-Sogn fekk ofte “blodpiss”, medan kalvar innkjøpte frå Ytre- og Midtre-Sogn gjekk fri. Forklaringa var enkel, og eg siterer frå linken til Veterinærinstituttet: “I områder hvor det er babesiose og dyra har kontakt med smitte i beitesesongen, er som regel ikke babesiose noe problem da dyra opprettholder en immunstatus mot babesiene. Det er ved innkjøp av dyr til infiserte områder eller ved ungdyr uten immunitet som slippes på beite, at man kan få utbrudd av babesiose.”

    I linken frå Folkehelseinstituttet står det mellom anna: “… men [flåtten] når ikke inn i de innerste deler av Hardangerfjorden og Sognefjorden.” Dette stemde sikkert på 70- og 80-talet, men det stemmer nok ikkje no lenger.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: