Treng den norske hjorten pleie… ?

Kva legg me i ordet «pleie»… ? Då eg søkte her, skvatt eg litt. Først var det nemnt ansiktsløftning, deretter tarmskylling. Heldigvis fann eg noko meir begripeleg lenger nede på sida: «stelle, passe pleie en syk«.  I mi begrepsverd, inngår nemleg «syk» eller større eller mindre grad av «sjukdom» som eit sentralt element i begrepet «pleie».

Spørsmålet mitt er: 1.) I kva grad kan me seia at den norske hjorten er «sjuk? Og 2.) I kva grad kan me seia at naturen der hjorten oppheld seg er «sjuk» og treng pleie?

Ireklamen for firmaet Mountainfjord les me: «Mountainfjord har engasjert 2 meget erfarne jaktledere Robert Brenden og John Erik Brox Holme som plukker ut og pleier terrengene våre…. » (Mi understreking) For sikkerheits skuld vil eg nok ein gong leggja til at eg har ikkje eit vondt ord å seia om Brenden og Brox Holme.

Men kva er det eigentleg jaktleiarane gjer når dei ruslar rundt og «pleiar» jaktterrenga til firmaet? Gjødslar dei? Sprøyter dei mot ugras? Høgg dei skog? Plantar dei skog?…..  Jeg spørger helst, mitt kall er ei at svare, sa han Henrik I.

Men det er fleire som driv med «pleie» blant grunneigarane her i Sogn. I tdskriftet Villmarksliv nr. 5, 2007, fortel Gjert Heiberg frå Kaupanger i Sogn at han driv med noko som han kallar «aktiv viltpleie». Kva dette begrepet eigentleg medfører, har eg ikkje fått vita meir om. I Villmarksliv nr 7 same året hadde eg eit debattinnlegg der eg mellom anna nemnde dette. 

Slik eg ser det, har dei fleste hjortane eg har sett verka «kattande» friske. Trass i attgroing, så tykkjer eg også at skogane og dei bratte lidene virkar friske. Håpar einkvan kan forklara meg kva «aktiv viltpleie» og «jaktterreng-pleie» går ut på.

 

 
Advertisements

10 kommentarar to “Treng den norske hjorten pleie… ?”

  1. mork Says:

    Å legge til rette for optimal produksjon av en gitt stamme, kan være pleie.
    Dvs. Gi dyra gode forhold og utgangspunkt for at de kan ha maks tilvekst.
    La dyr som sulter få støtteforing, er et eksempel.

    Kunne ramset opp mer, men summen er egentlig å «gripe inn i naturen» og legge til rette for at
    rettighetshaverne kan høste mer enn om naturen ordnet opp selv.

    Dette kan framstå som lite fornuftig og naturstridig mot en traust nordmann.
    Lenger syd i Europa er dette vanlig, uten at dyra tilsynelatende har tatt skade av det.

    http://www.youtube.com/watch?v=ktcJN5efoyE» target=»_blank

    osv.osv

  2. eies Says:

    For å gjera det heilt klart: Eg meiner at «viltpleie» og «pleie» av jaktområde er noko som i liten grad passar, og bør drivast, her til lands. Uttrykket trur eg kjem frå kontinentet, og i hegner og parkar derimot, der vil eg tru det er meir naturleg å driva «pleie».

    Eit anna uttrykk som eg meiner er viktig i denne diskusjonen er «villmark». Det finst fleire definisjonar, eg tek berre med denne: «Med villmark eller villmarkspregede områder forstås vanligvis naturområder som er lite påvirket av menneskelig aktivtet, som er fri for tyngre tekniske naturinngrep, der det biologiske mangfoldet er stort sett intakt, og der de økologiske prosessene får virke uten vesentlig menneskelig inngripen og styring.»

    Slike område er relativt sjeldne på kontinentet, meir vanlege i Norge, og kanskje endå meir vanleg i Canada og Russland.

    Eg trur at jakt i «villmark eller villmarksprega område» vert stadig meir attraktiv, og at jegerar betaler meir for slik jakt, enn jakt i hegn.

    Difor er «viltpleie» og pleie av jaktterreng» ein uting her til lands, der me enno har slike område.

    Flott at det finst fleire meiningar om dette!

  3. eies Says:

    Elles går det ein debatt om innlegget mitt på kammeret.no. Viss nokon vil følgja debatten, kan dei gjera det her:

    http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=153&t=73644&p=788809#p788809

  4. Jon Erik Says:

    Hei.
    Eg ser at du etterspør kva RB og JEH gjer når dei pleier terrenga til mountainfjord. Heldigvis fann eg denne tråden ved å google namnet mitt, og er det noko du lurar på i framtida vedrørande kva eg gjer på så ser eg gjerne at du tek kontakt med meg slik at eg har høve til å få svare for meg!
    For å svare på ditt spørsmål, kan eg til dømes nemne eit gjeremål me tek oss av: Me leiger til dømes jakt på eit par bruk der det ikkje er drift lenger. Her er me ute og sler/brukar beitepussar på bøar som held på å gro til. Me gjødslar for å få opp ny groe som gjer bøane meir attraktive.
    I Balestrand kommune vert det delt ut viltsaltsteinar som ein kan setje ut i terrenget. Desse steinane fordeler seg diverre ikkje ut i terrenget av seg sjølv.
    Din påstand om at slikt er ein uting her til lands skal du sjølvsagt få lov til å meine, men eg kjem iallefalt til å fortsetje med det eg gjer framfor å ha attgrodde bøar på sikt.

    -Jon Erik Brox Holme

  5. eies Says:

    Eg takkar Jon Erik Brox Holme for svar! At eg ikkje har gått i dialog med Jon Erik, kjem av at eg ikkje ser på dette som noko «privat», men noko som i aller høgste grad angår alle som er opptekne av kva vilkår hjortane her vest lever under.

    «Viltpleie» er tilsynelatande eit positivt lada ord – eg meiner derimot at når dette ordet vert brukt i forvaltninga, så kan det føra til konsekvensar som er svært uheldige for hjortestamma, på sikt.

    Ut frå det Jon Erik skriv, so er viltpleie i denne samanhengen det at han/dei brukar beitepussar og gjødslar innmarka (med kunstgjødsel ?) Utan at han skriv det, trur eg at han ogso legg ut saltsteinar. Men her refererer han til Balestrand som visstnok har utdeling av saltsteinar som eit kommunalt prosjekt.

    Mountainfjord ser altso ut til å meina at «viltpleie» er det same som bruk av beitepussar og kunstgjødsel. Kva dei legg i det same uttrykket på Kaupanger, veit eg ikkje enno.

    At det vert brukt beitepussar er flott. Saltsteinar er eg med på å leggja ut sjølv. Gjødsling av innmark som ikkje blir driven lenger verkar underleg på meg.

    Det var delvis oppklarande å få vita kva som vert lagt i «viltpleie». Sjølv håpar eg at dette ordet forsvinn etter kvart. I alle fall ser eg fram til ein diskusjon om korleis hjorteforvaltninga skal drivast, ikkje nødvendigvis berre med tanke på grunneigarar, jaktutleigarar og jegerar. Forvaltninga bør vera styrt ut frå korleis me kan ha ei sunn og livsfrisk hjortestamme i skogane våre.

  6. Jon Erik Says:

    Hei.
    Eg registrerer at du fyrst spørjande skriv at me gjødslar med kunstgjødsel, for so i neste avsnitt konkludere med at Mountainfjord sin definisjon av viltpleie er beitepussar og kunstgjødsel.
    Eg veit ikkje kva de har tilgjengeleg inne i Jostedalen, men her i Sogndal har me bl a noko som heiter Felleskjøpet, og der sel dei noko som heiter hønsegjødsel. Dette skal visstnok vere organisk, og det er det me har brukt.
    At ein nyttar kunstgjødsel er ein påstand du kjem med, og som ikkje har noko form for sannheitsgehalt.
    I mine auge er det ok at me evt. gjødslar marka sjølv om det ikkje er husdyr der. Fleire og fleire innmarker der hjorten tidlegare har hatt sitt naturlege beite utpå hausten vert no sperra inn av hjortegjerder, og eg må seie at i mine auge er det bra at det fortsatt er slike tilgjengeleg også. Det er i fleire fora diskutert positiv effekt av sokalla viltåker, og her får hjorten tilgang til ein særs naturleg ein.

    Eg ser at konklusjonen din er at forvaltninga skal føra til ei sunn og livsfrisk hjortestamme. Eg kan ikkje på nokon måte sjå at ovanfornemnde er med på å motarbeide ei sunn stamme, og då må det vere hoggande likegyldig kva ord ein nytta på det.

  7. eies Says:

    Flott med ein debatt om dette. Men fleire aktørar burde vore med, td. Mountainfjord og andre som driv med sokalla viltpleie. EB og JEH har eg aldri møtt (so vidt eg veit) og ein debatt av meir «privat» karakter mellom dei og meg blir ikkje heilt rett, slik eg ser det.

    Det var greitt å få opplyst at «viltpleie» i denne samanhengen kun betyr beitepussar + hønsegjødsel, eller har eg misforstått ? Flott at det vert brukt beitepussar. Det eg veit om hønsegjødsel er at det luktar aldeles forferdeleg viss det ikkje vert nedmolda, eg kan heller ikkje forstå anna enn at det stimulerer til attgroing, men so lenge det vert brukt beitepussar, hindrar ein det.

    Eg meiner at den sunnaste, friskaste og mest livskraftige hjorten finn me på beite i utmarka og høgt til fjells. Denne hjorten trur eg faktisk er mest attraktiv ogso for kundane til JEH oh fleire. Viltåkrar, vinterforing og andre slike tiltak er med å trekkja hjortane inn mot dyrka mark og der folk bur. Dette kan gi mindreverdige dyr og sokalla skadehjort. Det er ikkje ynskjeleg, slik eg ser det.

    Reknar med at JEH skriv på vegne av seg sjølv. Men det hadde vore særs interessant å få dei større aktørane innan utleige og forvaltning med i debatten.

  8. Jon Erik Says:

    Eg kan oppfriske din hukommelse med at du faktisk har vore med oss på hjortejakt på Veitastrond(i forb med eit arrangement med ein hundeklubb). Men det har i grunn ikkje noko med saka å gjere.
    Reknar med at du ikkje såg nokon form for viltpleie der?
    Og slik er det når ein leiger ut jakt, ein må prøve å stette dei fleste behov; Frå dei som vil jakte i krevjande terreng høgt til fjells, til rullestolbrukaren som kun kan jakte på innmark.
    Eg trur at ein i denne debatten må innsjå at behova, terrenga og meiningane er svært forskjellige og at ein ikkje nødvendigvis lyt sitje med same fasiten i Jostedalen som ute i Askvoll t.d.
    Og, ja, eg uttalar meg her som privatperson.

    No trekkjer eg meg ut frå dette forumet her, og ynskjer deg lukke til i din søken etter den perfekte hjorteforvaltning.

    Mvh. J. E. H.

  9. eies Says:

    Hei.

    Ja, når du minner meg på det, so hugsar eg det godt. Truleg veksla me nokre ord om store bukkar og måneskinsjakt og. Fint du ville delta i debatten. Beklagar at du åleine måtte forsvara «viltpleie». Eg har og kun skrive på eigne vegne. Tippar mange her i Jostedalen er ueinige med meg.

    Ingen av oss to kjem nokon gong til å finna fram til den perfekte hjorteforvaltninga. Men gjennom ein open og sakleg debatt trur eg me kan unngå å gjera ein del tabbar, og i staden søkja mot ei betre forvaltning av det flotte viltet som hjorten er.

    Det var flott at du ville vera med på å gjera greie for synspunkta dine. Skulle ynskja det fanst fleire slike.

  10. eies Says:

    Rett skal vera rett: Det var ingen «hundeklubb» som stod bak jakti på Veitastrondi, men kennel Støyletufta ved Hans Inge Justnes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: