Wachtelhundtreffet 2012 på NJFFs Jakt og Fiskesenter i Flå, 16. – 18. juni

(Foto: Wachtelhundklubben)

Fredag: Det starta  fredag med skytesimulator og “bli kjent med folk”. Skytesimulatoren er nok ikkje så verst. Elgen var enklast, bjørnen var vanskelegast… ! Også fugl (rype, and).

Laurdag: Demonstrasjon av tvangsapport. Veldig bra demonstrasjon! Men ein som har lært å “leika” inn apporten, kjem nok til å fortsetja med det.

Om kvelden: “Bjørn og bjørnejakt” ved Hans Ole S. frå NJFF. Veldig bra!

Søndag: “Wire-Bjørn” mentaltest med fokus på bjørn. Sjølv om Ulva (langtfrå) vart godkjend, fekk eg her ei fin innføring i korleis hunden sannsynlegvis vil oppføra seg viss me ein gong møter ein bjørn i skogen. Etterpå var det høve til å ta apportbevis, for dei som ynskte det.

For ein “nykomling” i miljøet, vil eg berre seia at eg følte meg godt motteken. Ikkje minst av Arne H. og Kari H. J. Mange takk for det !

4 kommentarar to “Wachtelhundtreffet 2012 på NJFFs Jakt og Fiskesenter i Flå, 16. – 18. juni”

  1. Kari H Jegleim Says:

    Hei Einar:-)
    Kjempekjekt at du tok turen til Hallingdal. Var så kjekt å helse på deg og Ulva:-). Lykke til med videre trening og venter spent på resultat av unghundsprøven i Sverige.
    God Sommer:-)
    mvh Kari H Jegleim

  2. eies Says:

    Så litt reklame, her er katalogen for kurstibodet frå NJFF på Flå: http://www.njffvault.com/Flaa/index.html#/1/

  3. ha Says:

    Eg trudde at tvangsapport var noko som ein hadde gått vekk fra for lenge sidan.

  4. eies Says:

    I rettferdigheitens namn: Instruktøren i “tvangsapport” har lege heilt i toppen dei siste åri, ma. i Skogsfugl-NM. So han var nok dyktig.

    Men eg vil tru at for ein amatør som meg, er det lettare å “øydeleggja” ein hund på denne måten.

    Men det er fleire vegar som fører til Rom (a?)…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: