3 dagars hjortejakt i Jostedalen for kr 50000

Eit firma som kallar seg MONTAINFJORD har tydelegvis fått det til. På heimesida deira kan ein lesa at det til dømes på Ormberg kostar kr 50.000 å jakta hjort i 3 dagar, for inntil 5 mann. Eventuelt kjøt og gevir kjem i tillegg.

Viss nokon, mot formodning, skulle tykkja at dette blei dyrt, kan dei i staden betala kr 1000 pr dag for å jakta lirype og orrfugl…..

Men rett skal vera rett: Dette var prisane for i fjor, altså 2011.

(Har sjekka brillene mine, men kanskje det er trykkfeil… ?)

Ei tilbakemelding to “3 dagars hjortejakt i Jostedalen for kr 50000”

  1. eies Says:

    50.000kr for 3 dagar hjortejakt….. her må det nesten vera snakk om eit “paradigmeskifte” i synet på verdien av utleige av hjortejakt. No er det nok ikkje noko tre som veks inn i himmelen. Hjortejakt er neppe ei gullgruve. Robert Brenden og John Erik Brox Holme kjenner eg knapt, og at dei er svindlarar som planlegg å lura grunneigarane for pengar, det trur eg ikkje. Saman med Jomar Haukås er dei pionærar når det gjeld jaktutleige. Likevel fylgjer dei ikkje det eg oppfattar som Jomar sin tre grunnreglar: 1.) Diskresjon, 2.) Diskresjon og 3.) Diskresjon. Her har dei to lagt prislista ope ut på nettet, og det skal dei ha honnør for. Kanskje blir ho fjerna snart…

    Kanskje det er grunnlag for eit slikt firma, lokalt, her i dalen…? Kanskje Bygdalaget og td Breførarlaget kan dra i gang noko slikt, det kan då vera snakk om arbeidsplassar.

    Somme meiner heilt sikkert at eg burde halda kjeft om dette. Men då vil eg presisera at den viktigaste effekten av hjortejakt, er at det er eit trivselstiltak for “mannfolk” i grendene våre, og at det kan vera med på å hindra utflytting.

    Men eg trur me berre må akseptera ein kombinasjon av lokale jegerar som jaktar for ein rimeleg penge OG jaktutleige.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: