Sex i snøen

I går var eg ein tur til Øy. Ved Fåbergstølen dreiv dette paret og kosa seg i snøen. Karen hadde det sikkert fint der solstrålane varma ryggen hans, men for dama måtte det vera ein kald fornøyelse der ho blei pressa ned i snøen.

Spor i snøen viste elles at hjortane no har kome Fåbergstølen og Øy, men berre spor etter småe hjortar enno. Bukkane kjem kanskje seinare…. ?

Med dette veret vert det neppe mange dagar  før vegen er køyrbar til litt forbi Båtedøla, men der ligg det ei snøfonn. Den vert vel liggjande og sperra vegen til ut på sommaren….

3 kommentarar to “Sex i snøen”

  1. Terje A. Gudmundsson Says:

    Snø ingen hindring! Må man så må man. Hardføre froskar dei har i Jostedalen🙂

  2. eies Says:

    Ja, særleg damene!

  3. eies Says:

    No tykkjer eg at folk som skal dra opp stemningen med grovisar ofte er ei heller pinleg oppleving. Dette har muligens med ubearbeidde tabuførestillingar, ja kanskje traume og. Men må nett nemna ein “på kanten” eller kanskje “over kanten” som Vebjørn R. (OL-vinnar på 800 meter 19969) fortalde på NRK1. Det var altså guten som låg og kosa seg med jenta si, som seg hør og bør. “Nei, no vil du ikkje koma til å sjå meg lenger, på ei god stund!” sa han til jenta som naturleg nok blei svært overraska. “Men, vil du reisa frå meg då…. ?” spurde ho. “Nei, no har eg tenkt å ta deg bakfrå!” var den trauste kommentaren.

    Dette som ein kommentar til dei to i snøen, på Fåbergstølen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: