Ho Dagmar og hjortane

Ho Dagmar har herja ein del i skogen under Haugen. Nokon som har hatt glede og nytte av dette, er hjortane. Eg har ikkje gått her før i vinter då eg helst ikkje vil at hjortane som står i djup snø skal bli stressa. No er det ikkje hjort der. Fann eit kranium, truleg frå ein kalv som har krepert tidleg i vinter. Mykje møk på marka var tyder på at hjortane har trivest her.

2 kommentarar to “Ho Dagmar og hjortane”

  1. ha Says:

    Hjortane har hatt eit godt matfat med furebark. La merke til at på Kaupanger so var grana urørd medan fura var snaubeita. Kan ein trekke den konklusjonen at granbark er bitter og dårleg på smak?

  2. eies Says:

    Hortane kan nok bita litt i grana og, men det vert aldri “beiting” av det slik som på furua. Så dei likar absolutt furua best.

    Men hjortane går sjeldan laus på ei furu “på rot”. Derimot kan dei snaugnaga ei furu som stormen har knekt, eller som er saga ned.

    Noko heilt anna er at han Oddmund Hoel heldt eit foredrag der han viste til kjelder som sa at i Jostedalen brukte dei furubark i borkebrødet. Andre stader var det vel helst alm som vart brukt. I fremste delen av Jostedalen er det lite alm.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: