Bru på Holmevassosen

Saman med Magnus S. og Lasse T. er eg med i ei sokalla “fiskegruppe” som ligg under Jostedal Grunneigarlag. Me har snakka ein del om at det ville ha vore fint med ei bru/klopp/vadestad…. ved utlaupsosen av Holmevatnet. Dette vil truleg gjera området meir attraktivt, både for born, vaksne, fiskarar, fjellvandrarar….

Utfordringa blir å planleggja slik at vernestyresmaktene vil godta det. Fangstanlegg i området må ikkje skadast. Sidan dette er eit gamalt villreinsterreng, kan det sjølvsagt argumenterast med at ein ikkje bør leggja til rette for meir bruk avi fjellet utanom dei merka stiane me har no.

Med den reetableringspolitikken som hittil har vorte ført i Breheimen-Luster, trur eg likevel det er så godt som utelukka at det kjem villrein attende i dette området, i alle fall i mi levetid. Skullle ein vera så heldig/uheldig å få ei villreinstamme her, er det likevel fullt muleg å regulera bruken av stiar og bruer, eventuelt fjerna nokre av dei, viss det vert nødvendig.

Har nokon idear om korleis ei bru ved Holmevassosen kan byggjast?

Ei tilbakemelding to “Bru på Holmevassosen”

  1. eies Says:

    Har fått ein del forslag:

    1.) To telefonstolpar pluss pluss… (Solid, kanskje litt storveges)
    2.) Kontakta Sherpaene hjå Geir Vetti (Truleg ei estetisk god løysing)
    3.) Ein aluminiumsstege med to bord oppå – som ved Fast ( enkel og rimeleg løysing)

    Elles skal det vera under planlegging ei hytte i området Geisdalen/Holmevatnet (Vetle Geisdalen….?)

    Ved Fylkesmannen sitt kontor vert det visstnok arbeidd med å planleggja ein sti på søraustsida av Holmevatnet, frå Klauvvatnet via Geisdalshalsane til Geisdalen. Litt uklart for han eies kva som skal vera hensikten med denne merkjinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: