To møte same kvelden: Styremøte i Jostedal grunneigarlag og Årsmøte i Jostedal historielag

Begge møta starta i går kveld kl 20.00. Først var eg på:

Styremøte i Jostedal grunneigarlag

Han Lasse T. fortalde om arbeidet som fiskegruppa gjer. Ein del av vatna i fjellet har truleg naturleg gyting, her trappar ein ned utsetjing. Utsetjingar i Styggevatnet vert prioritert. Kort vert framleis selt på Jostedal Hotell.

Ein dugnad med ma rydding av fiskeplassar, må ein prøva å gjera ferdig i sommar!

Strekninga Langøyane ti Fossgjelet (Fossøygjelet…?) er i dag definert som lakseførande strekning, og fredingstidene er deretter. Slik er “lova”. Men kor klokt dette er, er underskrivne usikker på. 

Underskrivne la fram tankar om ei bru/klopp/ein vadestad i utlaupet av Holmevatnet. Utfordringa her vert å planleggja noko som vernestyresmaktene kan godta.

Det vart lufta idear om eit felles jaktkort for Jostedalen etter mønster av fiskekortet. Det ville ha gjort det enklare for jegerar. Ei eller anna form for “bag limit” kunne vera ei løysing for dei som er redde for eit altfor hardt press på td. rype og orrfugl. Reiselivsnæringa trur ein er interesserte i eit slikt kort.

Årsmøte i Jostedal historielag 

Deretter høyrde eg på eit interessant foredrag om Den vesle istida i Jostedalen. I kortversjon var eg imponert over korleis dalens inbyggjarar på den tida greidde å “grafsa til seg” ein særs stor del av pengane som vart løyvse til å avhjelpa svolt og uår i distriktet. Truleg hadde dalen den gongen svært dyktige leiarar med politisk teft.

Å oppleva at myter blir utfordra er altid interessant. Takk til Oddmund for godt arbeid og føredrag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: