Jerv i Nigardsbredalen

Gjekk ein tur i Bredalen i ettermiddag. Møtte to SNOarar som hadde spora ein jerv fram til han gjekk opp på breen.

Ved nedste enden av Brevatnet gjekk det ein liten flokk med minst fem hjortar oppe i dalsida. Slik eg såg det hadde jerven passert ikkje så veldig langt nedanfor desse. Eg kunne ikkje sjå at han hadde reagert på nokon spesiell måte på dette – men eg spora rettnok ikkje jerven heile vegen. Det trur eg dei to frå SNO hadde gjort.

Jervespora var svært tydelege.

———————————————————————————————————

Laurdag var eg i Bredalen att. Såg no at jerven truleg hadde kome i retning frå Bjørkehaugen. Hjortane gjekk i same terrenget som dei har gått lenge. Ein kan undrast på kvifor hjortane trivst slik i dette terrenget. Ein av forklaringane er nok at det her er beitetre som dei set pris på. Mellom anna er det under bergi ein del alm, ikkje store tre som til vanleg, men nærast “kryp-alm” . Dette er snadder.

Der hjortane går no, vert dei neppe uroa av folk, og forhåpentlegvis heller ikkje av hundar. Ein annan fare derimot, kan vera solskredene som går jamnt om ettermiddagane. Eg studerte ei kolle som låg og gjorta. Så begynte det å hagla med store og små snøballar på begge sider av ho. Korleis ville ho reagera…. ? Det eg såg var at ho reiste seg roleg opp, studerte snø og isklumpane som fauk kring ho. Så begynte ho å beita. Ikkje mykje panikkarta flukt i alle fall. 

No fram mot våren samlast ofte hjortane på slike snøskreder/snøfenner. Snøen er her veldig fast å gå på. Dessutan ligg det nok ein heil del småkvist og greiner som dyri likar.

So kan me grubla på kvifor jerven ikkje ville prøva eit lite angrep på desse hjortane, magen hans var sikkert tom…..

10 kommentarar to “Jerv i Nigardsbredalen”

  1. Arne Bjørk Says:

    Det kan kanskje vere at alle hjortane var i god form, og at eit angrep kostar for mykje. Det er jo alltid også ein risiko for jerven dersom den angrip friske og vaksne dyr.
    Trur jerven ofte går etter skadde/svake eller unge dyr.
    Kanskje har jerven også eit matlager i nærleiken.

  2. eies Says:

    Hadde vore artig og funne ein lort. Då kan dei vel fastslå kva for eit individ dette er.

  3. Arne Bjørk Says:

    Dersom ein får fram DNA profil kan dei gjere det.
    For å ha størst sjanse til å få fram profilen er det viktigt å vere nøye på å ha med seg ein heilt rein pose eller liknande. Det er også viktigt at ein ikkje kjem i direkte kontakt med avføringen, men får den opp i ein pose eller eit prøveglas utan at ein er i direkte kontakt med avføringen.
    Det hadde vore spanande å sjå om dette er ein jerv som er kjent frå før, eller om det er ein ny. Det vil alltid kunne dukke opp nye individ i tillegg til dei me kjenner frå før. Dette kan vere invandrarar eller kvelper som er fødde i området. (Breheimen).

  4. eies Says:

    Flott orientering! Får plukka opp omtrent som etter hunden, då.

    Men ein ting har eg lurt på. Var det det ikkje slik at dei ikkje greidde DNA-bestemma bjørnen som var her sist, sjølv om dei hadde rikeleg med avføringsprøvar…

  5. Arne Bjørk Says:

    Det siste eg har høyrt om det er at me får resultatet i løpet av våren. Eg reknar med at dei har prøvar som dei får resultat av.
    Derimot so stemmer det at dei ikkje fekk fram resultat av prøvane tekne i Skjåk hausten før av den same bjørnen.

  6. eies Says:

    Interessant å følgja med på!

    På den andre sida: Høyrde ein gong John S. Opdahl kritiserte at “alle” bjørnar skulle gå med radiosendar. Han antyda vel at dyri kunne lida vondt av dette, og at halsbandet kunne gnaga seg inn i skinnet, og at bjørnen kunne bli provosert og ekstra agressiv av dette.

    Om det var “hald” i dette veit eg ikkje. I dag har dei kanskje små “microchips”. John S. kjenner eg ikkje som den som forsvarar rovviltet, i eitt og alt.

    Skal til slutt alle dyr gå rundt med ein GPS-sendar på seg?

  7. Arne Bjørk Says:

    Fekk bekrefta hjå SNO i dag at resultatet frå bjørneprøvane i fjor vår skal vere klare i mai månad.
    So får kvar einkelt gjere seg opp meining om det å vente 14 mnd på resultatet er akseptabelt.
    Dette er faktisk tempoet forvaltninga jobbar med, og skal styre storleiken på bestanden utfrå.

  8. Arne Bjørk Says:

    Det er no bekrefta at det var bjørn med nummer ST 3 i rovbasen som var i Jostedalen i fjor vår. Denne bjørnen var fyrste gong registrert i Sør Trøndelag i 2005, so det er etterkvart vorte ein godt vaksen bjørn. Truleg er den no minst 8-10 år gamal.
    Det er også ganske truleg at det var denne bjørnen som var her i 2006. Den var registrert i Skjåk i mars 2006, og i Lom i mars 2007.

    Det er ganske artig med desse DNA-registreringane. Denne bjørnen har dei gjennom åra samla 29 prøvar av.

  9. eies Says:

    Interessant!

    Om han har hatt/har vintersøvnen sin her i år, veit me vel ikkje, i alle fall ikkje enno. Han brukar ikkje same hiet to år på rad, vert det sagt.
    —————————————————–
    Men kvifor er det berre “ganske truleg” den same bjørnen som var her i 2006, har dei ikkje prøvar frå denne… ?
    —————————————————–
    Eller var det den gongen det vart sagt at avføringen inneheldt for mykje (saue?)feitt, slik at det var uråd å finna fram til DNAen… ?
    Sidan det ikkje er meldt om at denne bjørnen er skoten, so er han truleg framleis i live?
    Men viss eg ikkje hugsar feil, so skal ein so gammal bjørn vera mindre farleg for sauer. På eit møte eg var på meiner eg det var sagt at det helst var unge hannbjørnar som tok sauer, viss denne læra gjeld framleis…. ?
    Det kan sjå ut som at at denne bjørnen har lagt sin elsk på Jostedalen. Og kanskje har han lege – eller ligg han – i eitt av dei gamle hia mellom Øy og Trongedalen…

  10. Arne Bjørk Says:

    Det er rett at ein ikkje fekk fram DNA på bjørnen her i -06, so ein kan berre anta at det var denne bjørnen som var her.
    Denne bjørnen er tydeleg stort sett i Gausdal om sommaren. den vart også spora der på ettersommaren i fjor.
    Dersom ein går inn på rovbasen.no og vidare på DNA analysar kan ein følge dei forskjellige bjørnane og jervane det er funne prøvar av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: