Jerv fanga i mårfelle – Skjåk

http://www.gd.no/nyheter/article5936561.ece

6 kommentarar to “Jerv fanga i mårfelle – Skjåk”

  1. HA Says:

    Det var no eit sørjeleg utfall for denne jerven. Gå stad og bli drepen i ei lovleg oppsatt mårfelle og det etter at jervejakta var avslutta.

    Av fleire grunnar so er eg glad for at den vart teken i fella ( sjølvsagt berre om den vart drepen med ein gong). Det er då ein mindre av desse lystmordarane som går lause i fjella våre!

  2. eies Says:

    Meiner eg har høyrt om raudrev (og sikkert fjellrev) som har gått i mårfeller (Haugen og Connibear). Ei slik felle kunne nok også ha drepe ein hund, i alle fall ein liten eller middels. Difor er det viktig at folk merkjer og melder frå om slike feller viss dei vert sette nær bakkenivå, og særleg viss agnet er kjøt. Viss fellene er agna med søte ting, og viss dei heng oppe i tre, er dei ikkje så farlege. Og då fangar dei heller ikkje så lett dyr som dei ikkje skal fanga.

  3. HA Says:

    Einar, det er nokre lover om korleis du skal sette opp feller med tanke på høgd fra bakke, diameter på inngangstunel o.s.v.

    Men er nok ikkje alle som har sett seg inn i det.

  4. eies Says:

    Å kalla jerven «lystmordar» kan me gjera inne i – eller utanfor butikken, når praten går om ymse. Men eigentleg gjer vel ikkje jerven noko anna enn å fylgja instinkta sine.

    Menneska derimot har vel fleire gonger oppført seg som lystmordarar.

  5. Arne Bjørk Says:

    Dersom instinktet seier at ein jerv kan utslette ein heil saueflokk, so er det vel på grensa til lystmordar.
    Har høyrt at ei jervetispe som ynglar vil i snitt koste ca 150 sauer livet på 1 år.
    Kvar går grensa på å fylgja instinktet sitt og det å kunne kalle jerven ein lystmordar.
    Eg vil vel seie at jerven ved å fylgje instinktet sitt oppfører seg som ein lystmordar.

  6. eies Says:

    Ikkje er eg vitskapsmann eller fagmann, heller ikkje husdyrhaldar – bortsett frå to bikkjer, då. Men viss me skal prata alvorsprat, so er det, slik eg ser det, ingen dyr som med rette kan kallast lystmordarar. Det må i tilfelle vera i «buapraten» eller praten over kaffikoppane. Då er det kanskje mindre nøye kva me seier.

    Å sjå ein jerv som har drepe eller «halvdrepe» sauer i ein saueflokk kan ikkje vera noko vakkert syn. Heller ikkje bjørnen som halvdrep fleire sauer, et på dei litt i juret og brystet – gjerne medan dei er i live. For oss verkar dette meiningslaust.

    Sameleis å sjå resultatet etter at ein mår eller ein mink har vore i hønseflokken. Eller ein polar-hund har gått laus i saueflokken. Eller han søte-pus som leikar seg med og seigpiner smågnagaren.

    Skal visst liggja ein video her på bloggen med ei gaupe som seigpiner ein reinskalv.

    Folk må bruka kva uttrykk dei vil for meg. Men personleg er det kun i nokre tilfelle eg vil bruka det omdiskuterte uttrykket. Og då kun på toføtte, utan vengjer.

    Men skal me ha småfehaldarar her i distriktet er det heilt klart at ein må halda nøye kontroll med jervestamma og ikkje lata ho veksa fritt. For meg verkar det også som om at byråkratiet kring jerveuttak og slagbjørnfellingar er for tungrodd.

    Eg trur ikkje eg veit nok til å ta ein større diskusjon kring dette. Men inntil vidare meiner eg at rovdyra er styrte av svolten og instinkta.

Legg att svar til eies Avbryt svar