Nils J. Røysum, bjørneskyttar, 1854 – 1939

Af en norsk bjørnejægers oplevelser

I julehelga las eg  boka Valentin Voss: «Af en norsk bjørnejegers opplevelser.» Nils J. Røysum var frå Leikanger i Sogn. Boka er ikkje spesielt velskriven etter dagens målestokk. Ho er likevel eit «must» for alle som er opptekne av bjørnens liv og lagnad – eller det motsette. Boka er gitt ut på nytt på SKALD forlag, kostar kr 149, og kan bestillast her.

Den mest tragiske hendinga han kom ut for, var i heimebygda mi, Balestrand. Ein skada bjørn gjekk til angrep på ein jeger. Nils skulle skyta bjørnen, men jegeren døydde. Det vart i ettertid antyda at jegeren var treft av ei kule, og at kula kunne stamma fra Nils sitt gevær. Ei slik hending sette sine merkje, og viss eg hugsar bestefar min rett, så var dei siste orda til jegeren: «Nei å nei! Detta skulle de ikkje ha gjort, kara!» Men det oppstår ofte vandrehistoriar etter slike sjokkarta opplevingar. Les her.

Nils var nok ein dyktig jeger og skyttar. At han skaut på bjørn i rørsle på over 400 m avstand, verkar nok overraskande på dagens jegerar. Men normene for kva som var forsvarleg jakt var heilt annleis før, i alle fall når det galdt bjørnejakt. Sameleis at han skaut 16 rein på to minutt. Dette vart rekna som ein stor prestasjon, den gongen. Hadde han gjort det same i dag hadde han fått ei svær bot – truleg hadde han hamna i fengsel.

Oldebarnet hans skreiv slik: «Dei siste åra Nils levde vart det snakk om å frede bjørnen, noko han tykte var bra.»

Les meir her:

NRK

Fylkesleksikon

Kjell Røysum

 
Advertisements

Ei tilbakemelding to “Nils J. Røysum, bjørneskyttar, 1854 – 1939”

  1. eies Says:

    Bestefaren til Nils var spelemannen som vart kalla Store-Vetle-Per. Her kan du høyra Sigbjørn Bernhoft Osa spela den kjende springaren «Store-Vetle-Per».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: