Veks hjortestamma framleis…?

Så godt som alle jaktkameratane mine påstår at hjortestamma no har passert toppen, og at ho no er på veg nedover. Dei ropar nærast eit “varsko” om dette.

Då eg tok til med hjortejakt i Ese på 70-talet høyrde eg mange forteljingar om kor mykje og stor hjort det var i “gamle dagar”.  Såg ingen grunn til å tvila på det.

Snakka eg med dei som jakta ryper, orrfugl, hare…., var svaret det same: Før – i gamle dagar, då…..  Sameleis med fiskarar: Det var mykje meir laks, sjøaure, sild, makrell, kveite, størje … i fjorden tidlegare.

Så flytte eg til Jostedalen. Det gjekk nokre år før eg var så heldig å få vera med på jakt, men omkvedet var det same her, heile tida og i heile dalen: Før, då var det verkeleg vilt i skogane! Rett nok tilsto dei  fleste at hjortestamma her i dalen hadde auka dei siste par tiåra, MEN dei siste 3 -4 åra hadde hjortestamma likevel gått tilbake.

Er dette rett, og korleis skal ein finna ut kva som er rett….? Me har fellingsstatistikkar og Sett-Hjort-skjema, men kor mykje ein kan lita på desse siste, er det usemje om. Teljingar har mange kommunar drive med, men lite her i Luster. Og teljingar må vel utførast etter ein plan og helst over ein periode på minst ti år, viss dei skal vera brukande.

Då sit me att med synsing, og den metoden er kanskje den mest pålitande, merkeleg nok…  Men mi erfaring frå Balestrand er at spør du ein grunneigar, bonde, fiskar eller jeger om kor mykje fisk eller vilt det er i sjøen eller skogen, då vart du alltid møtt av hovudristing, og fortal om kor mykje betre alt var før…

7 kommentarar to “Veks hjortestamma framleis…?”

  1. eies Says:

    Personleg har eg ikkje den store suti for hjortestamma, i alle fall ikkje viss ein ser Sogn under eittt. Alle påkøyrslene og hjorten som held til nær bebyggelsen er eit teikn på dette. At det lokalt kan vera svingingar og nedgang er noko anna.

    Eit anna moment er at med ei litt tunnare hjortestamme vil me truleg få sunnare individ som er meir motstandsdyktige mot parasittar og sjukdommar. Og tidlegare, med ei tunnare stamme, var dyra også mykje større, fortel gamlekarane.

  2. Knut Nybø Says:

    GODT NYTTÅR.
    Det er vell rettast å halda seg til fellingsstatestikk.
    Fellte hjort i S.F. 1950-169, 1980-2552, 2000-8132, 2010-11771.
    Kva tid hdde me eit berekrfig antal hjort?.
    Småvilt og fisk, tenk på utvikklinga i utstyr og fritid, frå svartkrut
    og masseinghylse, raunetroa og pilk på sjøen til dagens utstyr.

    • eies Says:

      GODT NYTT ÅR, Knut!

      Ut frå det du skriv, trur eg du meiner at hjortestamma veks framleis. Tolkar eg deg rett?

      Kva tid me hadde eit berekraftig antal hjort, veit eg ikkje. Men eg trur ikkje det er bra at hjortestamma vert særleg større enn i dag. Spesielt ikkje i vinteropphaldstadene nær kysten. I innlandet trur eg det framleis er potensiale til ei større stamme, både sommar og vinter. I takt med attgroingane i skogen trur eg det også kjem til å skje.

      Du skriv at me har betre utstyr til jakt og fiske i dag, og det er eg einig i. På den andre sida var jegerane og fiskarane mykje dyktigare før. Dei starta tidleg om morgonen før det vart lyst. Dei hadde betre praktisk kunnskap om vandringane til viltet, og dei var flinkare til å forutsjå når fisken beit. Dei var og tolmodigare på jakt og fiske, og takla kulde og dårleg ver betre.

      Er du einig?

  3. Knut Nybø Says:

    Vinteren 2010-2011 viste vell at me ikkje har ei berekraftig hjote-
    stamme, med fleire 100 dyr som svaltihel og eit stort anntal koller
    som kasta kalven, det er vell eit bevis på att det ikkje er vinterbeitte
    til den stammen me har i dag. Kan hendda det vert ein nedgang i
    stammen til høsten. Skall hjorten hindra attgroing må det bli ein
    storstilt vinter foring til.
    Småvilt, det er vel fleir jegra med meir fritid og bedre utstyr, stam-fugelen som skulle ligja på egg i mai er i frysaren.
    Garenfiske har teke vekk balansen i fiskevatna.
    Ein kann ikkje samanlikna trål og pilk.

  4. eies Says:

    VEIT me at eit stort antal koller kasta kalven, eller er det noko me TRUR?

    Når eg ser gamle bilete, so er eg ikkje sikker på at jegerane i dag skyt meir fuglar enn tidlegare.

    Om balansen i fiskevatna, så er det interessant. Når ein set ut fisk i fisketomme vatn vil ein etter nokre år få svært stor fisk. Etter nokre år jamnar det seg ut. Om ein skal skulda på garnfiske….? Sjølvsagt er dei moderne garna meir effektive enn gamaldagse bomullsgarn. Somme stader vert folk oppfordra til å bruka småmoska garn til å fiska opp småfisken.

    Ei historie om dette. I eit vatn inne i Luster vart folk lokka med gratis fiske for å fjerna ein del av all småfisken. Ein kar – lat oss kalla kan “Per-Ola-Jens” – fortalde at han hadde vore oppe i dette vatnet og fiska ei helg, og han sa han hadde fått 100 kg fisk til saman. “Men korleis fekk du all den fisken med deg ned att, då?” var det ein som spurde. “Nei, det var ikkje problem,” sa han Per-Ola-Jens. “for det var kun småfisk!”

  5. Knut Nybø Says:

    Eit fiske vaten som er i balanse må ha ein vis bestand av stor
    rovfisk den regulera bestanden i vatnet. Natturen er sjølv regulerande, med garenfiske er det fare for at ein tek ut for
    stordel av den store fisken. Med krok tek ein ut fisk i alle størelsa.
    Det er sett lite kalv, kollene hadde ein hard vintter.
    Ligg stamfugelen i frysaren så blir det ikkje noko å jakta på.
    Sjå på utviklinga i Finnmark etter at folk i sør overtok rypejakta.

    • eies Says:

      Noko av det du skriv er litt for negativt etter min smak. Men elles er eg einig i ca 85% av det du skriv. Flott at det finst folk som er opptekne av det som skjer i fjellet og i skogen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: