Ein kommentar til brevet nedanfor

Brevet nedanfor har no lege ute på denne sida ei tid utan at nokon har kommentert det.

Slik eg oppfattar brevet, er det eit svar frå DN til eit brev fra “Trollstigreinutvalget” ved Kåre Brøstet, 6330 Verma. Dei har søkt om løyve til, og om økonomisk støtte til utsetjing av rein. Etter det eg forstår slit dei med dei same problema som Luster: Å få til ei reetablering av villrein i området. Slik eg forstår det, har dei gjort ei/fleire (delvis….?) vellukka utsetjing(ar) tidlegare, og no ynskjer dei å supplera.

DN gir eit tydeleg avslag på brevet frå “Trollstigreinutvalget”. Dette brevet er då sendt i kopi til dei fleste med makt og mynde over villreinen i Ottadalen Villreinområde. Såleis har brevet også hamna hjå Landbrukskontoret i Luster.

Eg tolkar dette slik at DN ved Danielsen her vil markera at det har ingen hensikt for fleire, utan vidare, å søkja om løyve til utsetjing av rein, ein kan nærmast seia: “ligesindede til avsky og til skræk”. DN meiner såleis at dette også skal gjelda Luster.

Med fare for å ta opp att ting eg har skrive tidlegare, håpar eg vert korrigert om noko er feil: Etter tilråding frå Luster landbrukskontor vart Jonathan Edward Colman tilsett som fagkonsulent for reetableringsgruppa. Denne gruppa var/er samansett av lustringar, men med Hermund Mjelstad, fylkesmannen i SogFj, som leiar. Colman arbeidde ut ein plan der han tilrådde at ei utsetjing skulle gå parallelt med ei naturleg innvandring frå Skjåk/Ottadalen til Luster sine område. Colman sin plan kom aldri så langt som til DN. Den “breitt samansette” reetableringsgruppa, samansett av representantar frå landbrukskontoret, ein pensjonert veterinær, representant for Ottadalen Villreinnemnd, fjellstyre, grunneigarrepresentantar (håpar alle kom med…), gjorde vedtak om at planen til Colman var for dårleg og ikkje kunne brukast. Underskrivne var den einaste i gruppa som meinte at planen var god og burde gjennomførast. Personleg trur underskrivne at Colman (med kontakt ma. med Egil Reimers), ville ha kunna gå i dialog med DN og kanskje få gjennomslag for planen sin. Men dette vart stoppa av Luster sine representantar.

At DN er restriktive med å gi løyve til ei ny utsetjing er forståeleg. Men Danielsen har tidlegare gitt signal om at viss ikkje ei naturleg reetablering fungerer, kan likevel ei utsetjing vurderast.

Korleis definerer ein ei “reetablering av villrein”?

At bukkeflokkar streifar innom Luster sitt område, kan neppe kallast reetablering. Ei reetablering, slik eg ser det, er at også simler med kalvar tek i bruk områda våre. Slik var det også før 1975.

Kor lenge skal ein prøva ut “naturleg reetablering” ?

Både frå freirtalet i reetableringsgruppa, og frå DN v. Danielsen, har det kome signal om at viss ein  ved “naturleg reetablering” ikkje oppnår ei reetablering av villrein på Lustra-sida, då vil ei utsetjing av rein på nytt bli aktuelt. Spørsmålet vert då: I kor lang tid skal ein prøva ut “naturleg reetablering” viss denne metoden likevel ikkje gir dei forventa resultata?

I denne samanhengen har Skjåk vist stor velvilje mot reetableringsprosjektet. Dei har freda deler av sine grenseområde mot Luster, og dei har også auka stamma i Ottadalen Sør-Aust noko. Kor lenge denne stamma kan haldast på eit høgare nivå enn normalt, er usikkert. På grunn av nedbeiting av vinterbeita i dette området, med vidare fare for dårlegare kondisjon hjå reinen, vart avskytinga i dette området auka noko i haust. Om det også dei komande åra vert ei auka avskyting, står att å sjå. Dette vitnar om ei ansvarsfull forvaltning frå Skjåk si side. At dette på den andre sida er uheldig for “ei naturleg innvandring” til Luster er ei anna sak.

Kor lenge skal ein altså prøva ut ei “naturleg innvandring” av rein til Luster? Mykje er avhengig av kor lenge Skjåk/Ottadalen finn det forsvarleg å halda ei kunstig høg villreinstamme, og i kor stor grad dei finn det forsvarleg å freda grenseområde mot Luster. Sidan verken fleirtalet i reetableringsgruppa, og DN ved Danielsen ikkje har presisert kor mange år “naturleg reetablering” skal utprøvast, vil underskrivne gjera det. Forslaget er 5 år – eventuelt 10 år med ei grundig og fagleg undervegsvurdering etter 5år.

Så håpar eg alle framleis hugsar på at målet er ei reetablering av villrein på Lustrasida – kva metode som vert brukt er underordna!

For min eigen del vil eg leggja til at sjølvsagt er det ein behageleg og komfortabel tanke å sitja i sofaen og la reinen rusla over grensa og inn til oss i Luster. Men skal det skje noko, og skal me få eit resultat, så er det desverre/heldigvis nødvendig at ein del av oss også gjer noko aktivt.

– eies – 

 


%d bloggarar likar dette: