Bjønnaspor i Fåberg…?

Viss du går inn på bloggen Kalvatreet kan du lesa og sjå meir.

5 kommentarar to “Bjønnaspor i Fåberg…?”

  1. Knut Nybø Says:

    Utruleg kva klimaforandring kan føra til ,” strutts” på Fåberg?.

  2. eies Says:

    Klimaforandringar, ja. Det går i alle fall sterke, men ikkje verifiserte, rykte om grevling i Jostedalen, også i Fåberg. Rykte skal ein høyra på, men det er ikkje alltid dei stemmer. At klimaet i år har vore heilt spesielt, er eg i alle fall ikkje i tvil om. Men om det verkeleg er snakk om klimaendringar i eit større tidsperspektiv – det skal det bli spennande å sjå.

  3. eies Says:

    Det er vel neppe nokon her i distriktet med større formell kompetanse på å vurdera bjønnaspor enn fjelloppsynet i Luster. Etter som eg forstår, seier han noko slikt som at ut frå nett desse to bileta på “Kalvatreet-bloggen” kan han ikkje slå fast at dette er bjørnespor. Spora verkar relativt småe, og det var for dårleg “symmetri” i det som skal vera merke etter klørne. Vidare hadde han ynskt bilete av ei sporrekke der ein mellom anna kunne sjå avstanden mellom fotspori. Og når kompetente folk uttalar seg, så må me sjølvsagt lytta til det.

    Når det er sagt så vil eg gjerne leggja til: Sjølvsagt skal eg vakta meg vel for å koma med råd til fjelloppsynet, eller ALB, for den saks skuld. Men eg håpar at det vert undersøkt om det finst fleire foto som kan stadfesta, eventuelt avkrefta at dette er bjønnaspor. Sameleis om det finst fleire opplysningar eller observasjonar som ikkje fotograferte. Eit foto er ikkje alfa og omega, åleine.

    Eg trur det er viktig at folk som observerer merkverdige ting i naturen, føler at dei vert tekne seriøst. Personleg føler eg at eg hittil har vorte det. Men, det er ikkje så svært mange år sidan at folk vart gjorde narr av og mistrudde viss dei hevda at dei til dømes hadde sett ein bjørn. Det er mange som ikkje har sagt noko om slike opplevelsar i frykt for å bli hengde ut som hysteriske eller løgnaktige.

    Men sjølvsagt: Er det ein elg som har laga sporet, så er det ikkje ein bjørn…!

  4. Bølla Says:

    e ikkje tvil. det e måsabjønn.

  5. alb Says:

    Eg er heilt enig med eies som skriv at alle skal takast på alvor. Vil me ha tilbakemeldingar er me avhengige av at folk føler å bli trudd på. Det veit eg også gjeld for fjelloppsynet som set på stor kompetanse når det gjeld dokumentasjon om rovdyr. I dette tilfellet er det også bilder som viser spora, og det er veldig bra.
    Eg er ikkje sjølv nokon stor sporkjennar, men dersom boksen på bildet er 7-8 cm er spora ca 10 cm. Det vil eg tru utelukkar det største rovdyret. Men det er viktigt å halde augene opne, og me set stor pris på om folk på tur gjev tilbakemelding dersom ein ser noko. Eg forsikrar at alle vert tekne på alvor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: