Siste frist for å senda høyringsuttalelsar til NVE

I dag er det visstnok siste frist for å senda utalelsar til NVE. Nedanfor kan de lesa kva eg har skrive. I demokratiets namn er det viktig at alle moment kjem fram, og både motstandarar og tilhengjarar bør syta for at NVE får alle argument.

NVE
Pb 5091, Majorstua
0301 OSlo
 

Nokre merknader i høve Statkraft sine utbyggingsplanar i Jostedalen

Eg er kjend med at Statkraft har søkt om konsesjon, mellom anna på det som vert kalla “Vestsideelvane” i Jostedalen. Dersom NVE instiller på ei positiv tilråding til denne søknaden, er det ein del manglar og oppryddingsarbeid etter den førre utbyggingi på 80-talet. Dette må det etter mitt syn ordnast opp i før det kan bli aktuelt med noko “Vestside-utbygging”. Eg ber ogso NVE vurdera om ikkje dette arbeidet må utførast uansett.

Ein del av dette har eg skrive om på bloggen min: Breheimen-Jostedal Villrein Blog: https://eies.wordpress.com/

Nedanfor vil eg peika på ein del arbeid som eg meiner Statkraft må utføra og reparera før Statkraft kan søkja om konsesjon for ei ny utbygging.

Steinbrotet ved Styggevasshytta. Etter det bygdafolk og andre fortel, er dette steinbrotet ikkje i samsvar med konsesjonsvilkåra den gongen, men ei det naudløysing som utbyggjaren gjorde på 80-talet – i strid med vilkåra. Steinbrotet er visuelt stygt, og farleg for dei som brukar turstien like over brotet, særleg seinhaustes når når det er is på stien over steinbrotet. For fleire opplysningar og foto, sjå bloggen: https://eies.wordpress.com/2009/07/20/steinbrotet-ved-styggevatnet/

Viva-tjønni. Denne tjønni hadde før utbyggingi ein høgre vannstand enn ho fekk etter utbyggingi. Dette ser ein på vegetasjons-sonene langs kanten av tjønni. I tilleggg har tjønni i turkeperiodar hatt ekstremt låg vasstand. I turkeperiodar er tjønni eit skjemmande sår i landskapet. Viva-tjønni er til vanleg ein trygg stad for småbarnsforeldre og andre som vil bruka staden til bading, fisking mm. Resten av vassdraget er stort sett ueigna til å la ungar vera åleine pga vassmengda, farten og temperaturen i vatnet. Fleire opplysningar og bilete her: https://eies.wordpress.com/2010/08/21/viva-tj%c3%b8nni-eit-trist-syn/

“Sørgjerender”. Ved ein del større og mindre vatn som leverer vatn til straumproduksjonen, er vasstanden senka i høve den opprinnelege. Dette gjeld Sandhaugedalsvatnet, Geisdalsvatnet, Tjørn i Vetle Sprongdalen, kanskje fleire vatn/tjørner – mellom anna i Smådalane (Desse siste har eg diverre ikkje foto frå.) Slik eg ser det er bekkeinntaka slik dei er plasserte nedanfor Holmevatnet og Båtedalsvatnet mykje mindre skjemmande inngrep. Det er difor uforståeleg at det skal vera nødvendig med desse “sørgjerendene”, https://eies.wordpress.com/2007/04/22/s%c3%b8rgjerender-i-sandhaugedalsvatn-og-geisdalvatn/

Eg tykkjer uansett at Statkraft skal rydda opp i dei forholda eg har peika på her. Difor ber eg NVE vurdera om ikkje dette er rimelege krav. Sameleis at søppel som ligg att i fjella etter den forrige utbygginga vert fjerna. Her tenkjer eg mellom anna på plastslangar og anna søppel som ligg att langs Styggevatnet/Austdalsvatnet, sjølv om det kan sjå ut som om at Statkraft har fjerna ein del av dette dei siste åra, spesielt ved Austdalsvatnet.

Alt dette skal etter det eg veit vera kjende saker for Statkraft.

3 kommentarar to “Siste frist for å senda høyringsuttalelsar til NVE”

  1. eies Says:

    I morgon vert saka: «Høyring av søknad om konsesjon med konsekvensutgreiing for Vigdøla
    kraftverk, overføring av Vestsideelvane og heving av Tunsbergdalsdammen» handsama av Luster kommunestyre. Tilhengjarane av ei utbygging har jobba etter det ein litt fleipete kan kalla «Northug-metoden». Med det tenkjer eies på at dei hittil har lete motstandardane dra i gang det meste av argumentasjonen i media og på møte. Men når det no nærmar seg ei slags målpassering, så ser det ut til at dei kviknar til og pressar tilhengjarane mellom anna i Sogn Avis og på Facebook. Om dei lukkast like godt med denne strategien som han Petter, står det att å sjå.

    Med tanke på det lokale demokratiet og den lokale påverknaden, hadde det vore best med ei røystetal som klårt og tydeleg viser kva kommunestyret går inn for. Om ei avstemming viser tilnærma 50/50 vil vel det berre gjera at andre instansar som NVE får avgjera kva som skal skje.

    eies føler at debatten stort sett har vore sakleg. Enkelte har gitt uttrykk for at dei har vorte karakteriserte på ein uheldig måte. Viss det er tifelle, er det absolutt ikkje bra, sjølv om det skjer i kampens hete.

    Uansett trur eg alle håpar og ynskjer at me ogso heretter kan leva i fred med meiningsmotstandarar, ta ein kaffikopp eller ein halvliter i lag, same korleis det endelege vedtaket blir.

  2. Jostein Says:

    Godt skrevet. Eg håpar, og reknar med at NVE tek hensyn til dine merknadar uavhengig av avgjerd i Vestsidesaka.

    • eies Says:

      Takk, Jostein. Det er likevel muleg at saki vil stå endå sterkare viss fleire sende skriv om dette og liknande saker til NVE. De kan gjerne linka til det eg har skrive, eller denne bloggen viss de ynskjer det – i denne saki.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: