Kan me eta kjøtet…?

Ved vanleg jakt, men kanskje særleg ved ettersøksjakt, møter me av og til spørsmålet: “Er kjøtet etande…?” Spørsmålet bør er vel eigentleg to-delast: 1)Er det helsefarleg?  2)Er det  appetittleg og tiltalande lukt og smak av kjøtet også etter at det er kokt eller steikt? Når det siste så er det vel stor forskjel på oss menneske.

Somme stader har dei tradisjon for å røykja kjøt, og vonde tunger vil ha det til at det særleg er kjøt av dårlegare kvalitet som vert røykt. Om dette er rett veit eg ikkje, men røykjesmaken er uansett svært kraftig og kan nok døyva eventuell bismak på kjøtet.

Elles hugsar eg ein lærar på realskulen som forklarte oss kvifor maten i Syden var so sterkt krydra. Det var visstnok fordi temperaturen ofte gjorde at kjøtet ikkje var av beste kvalitet og kanskje kunne vera litt bederva. Heller ikkje dette kan eg gå 100% god for, men heilt usannsynleg er det vel ikkje.

Ved eit konkret tilfelle av skadeskyting vart det teke kontakt med Mattilsynet. Ei kolle var vomskoten klokka 18.45 om kvelden og vart funnen klokka 09.00 dagen etter. Svaret gjengir eies etter minnet om lag slik: Slakt kolla på vanleg måte og lat kjøtet hengja til modning som vanleg. Lukt på kjøtet kvar dag. Viss ein kjenner ei uvanleg lukt er kjøtet skjemt og må kastast. (Fargen skal visst også bli annleis.)

So enkelt…

Elles er det ved slakting vanleg å kasta sidene og anna kjøt som har vore i kontakt meg vominnhald. Låra, ytterfiletane og bøgene er det vel vanleg å ta vare på. Dei fleste snakkar ikkje høgt om at ein har vomskote hjort. Eies har diverre gjort det, og i det eine tifellet vart kolla funnen att dagen etterpå. Kjøtet vart imidlertid lagt i frysen umiddelbart, utan å la det hengja, men kvaliteten var upåklageleg.

“Vomskote kjøt skal ikkje i min frys!!” seier somme. Og det må sjølvsagt kvar og ein avgjera. På den andre sida er det synd å kasta prima hjortakjøt. Men er ein i tvil om  kjøtet er helsefarleg, skal det kastast, eventuelt kontakt Mattilsynet.  

To aktuelle linkar til kammeret.no:

Vomskutt elg/hjort kastes tvert

Slakte hjort neste dag; farlige stoffer i kjøttet?

2 kommentarar to “Kan me eta kjøtet…?”

  1. HA Says:

    Om eg har vore so uheldig å vomskote, noko som beklagelegvis skjer av og til. So vert slaktet undersøkt og reingjort for vominnhald. Har det komme vominnhald inn i hinner og skothol så skjer eg godt vekk slik at eg er sikker på at allt er vekke. Vominnhald som ligg utanpå kjøtet vert fjerna og kjøtet vert vaska med rikeleg rennande vatten. Før det vert hengd opp på vanleg måte. Slaktet vert ettersett kvar dag for å følge med på korleis det utviklar seg ( god/ dårleg lukt). Kjøt som ein er i tvil om vert kasta!

  2. eies Says:

    Ein kar i ettersøksringen fortalde ein metode for å ta vare på indrefiletane i ein vomskoten hjort: Ver varsam ved slaktinga slik at nyrefeittet sit att over nyrene. Dette skal då visstnok beskytta indrefiletane mot eventuelt vominnhald og går (gørr).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: