Norsk Villreinsenter skriv om reetablering av villrein i Luster

Det er med stor glede me registrerer at Norsk Villreinsenter endeleg har fatta interesse for reetableringa av villrein i Luster sin del av Breheimen nasjonalpark. Med bakgrunn i Colman/Lilleeng sin fagrapport skriv journalisten om situasjonen i år.

Diverre har arbeidsgruppa i Luster kommune overprøvd kompetansen og tilrådingane frå Colman/Lilleeng. Det er vel liten tvil om at det er den interne motstanden mot utsetjing av villrein frå arbeidsgruppa i Luster,  som gjer at dette tiltaket  ikkje har vorte sett ut i livet – enno. Direktoratet for Naturforvaltning (DN) har rett nok uttrykt skepsis mot utsetjing som metode. Dette betyr sjølvsagt ikkje ei blank avvising av metoden, og det er betegnande for situasjonen og svært trist at arbeidsgruppa aldri gav Colman mandat til å gå i dialog med DN. At arbeidsgruppa i Luster på denne måten har avist og gått glipp av store økonomiske tilskot og det underskrivne meiner er den einaste  vegen som nyttar, det er både tragisk og fortvilande. Men tida er vel neppe inne til å ta nokon omkamp om dette enno…..

At dei beste forslaga og dei beste løysingane vert valde vekk er vel elles slett ikkje uvanleg, korkje i den store verdi eller i vårt kjære  heimlege Luster.

Les kva Villreinen skriv om oss her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: