Daud rein ved Styggavatnet

Det var rypejegerar som fortalde om ein daud rein nokre hundre meter innom Styggevasshytta.

I dag var eies og hundane der. Naturleg nok var det gamlehunden som først opdaga reinen, alder og erfaring er alltid ein fordel når det gjeld sporing. Reinen, som for ikkje så mange veker sidan hadde vore ein stolt bukk, var no mest oppeten fuglar og dyr. Sidan geviret såg ut til å ha vore feia ei stund før han strauk med, tippar eies at bukken kanskje hadde gått i Jostedalen faktisk så seint som i slutten av august, kanskje tidleg, tidleg i september. Ut frå terrenget der bukken låg, er det ikkje urimeleg at han har ramla ut for ein høg hamar, og at det då er dødsårsaka.

Advertisements

2 kommentarar to “Daud rein ved Styggavatnet”

  1. Ove Says:

    Det er nok eit udyr som har jaga reinen utfor stupet. Sikkert bjørn? Eller er det jerven?

  2. eies Says:

    Eller ein lomhund…, frykteleg temperament på dei!!!

    Kva slag lort er det framfor skosnyta på det eine bildet…?

    Og so har eies fått korrigering: Det heiter StyggEvatnet, ikkje StyggAvatnet.
    ———————————————————-
    Til unnskyldning for eies, so seier han at like over Esedalen i Balestrand, hans barndoms grøne dal, der ligg det eit vatn som heiter StyggAvatnet. (Han eies vil heller ikkje dra i gang att diskusjonen om Sandhaugedalen/Sandaugedalen…)
    ————————————————————
    Eller to bukkar har stongast, denne måtte rygga, og det vart banen hans – som det står i sagalitteraturen.

    Elles har eg venta lenge på å få høyra skadeskytings-/tjuvjakt-hypotesen. Denne forklaringa har etter det eg forstår lang tradisjon, både i Luster/Jostedalen og Gudbrandsdalen/Skjåk. Og ein dag fekk eg høyra den av ein kamerat. Og for at «buapraten» skal gå godt, så fungerer sjølvsagt denne siste forklaringa myyykje betre… 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: