Kva bør eg stemma ved kommunestyrevalet…?

For meg er naturvern, i vid forstand,  noko av det aller viktigaste.  Slik eg ser det har Luster Venstre vore det partiet som har markert seg tydelegast i valkampen, og som eg vil kalla Miløpartiet i Luster. Dette gjeld på fleire område, men på denne bloggen er det naturleg å nemna at det er det einaste partiet som eg har sett har vist engasjement for å få Villreinen attende til Luster sin del av Breheimen.

I tillegg er dei vel og det einaste partiet som klårt og tydeleg har markert seg  som motstandarar av ei utbygging av Vestsideelvane i Jostedalen og Vigdøla.

Den materielle velstanden vår i dag er svært stor. Som samfunn treng me generelt ikkje so mykje meir velstand i form av pengar, gods og gull. Skulle framtidi bli svært usikker, tykkjer eg faktisk at etterkomarane våre, borna og borneborna våre skal få rå over litt frittrennande vatn, dei og. Og so får dei, der og då, ta avgjerda om kva som då bør gjerast.

Naturvern er i dagens Luster det viktigaste for meg, og eg kjem denne gongen til å stemma på Luster Venstre.

2 kommentarar to “Kva bør eg stemma ved kommunestyrevalet…?”

  1. Ingeborg Says:

    SV har også programfesta at vi er mot utbygging.

  2. eies Says:

    I programmet til Luster Sv står det: “•er skeptisk til ei utbyggjing av vestsida i Jostedalen.”

    I programmet til Luster Venstre står det: “􀂅􀀁 seia nei til utbygging av vestsideelvane i Jostedalen og Vigdøla”

    “Å vera skeptisk” er ikkje det same som “å seia nei”. Eg tykkjer Luster SV er altfor utydelege i programmet sitt i denne viktige saki.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: