Skadd reinsbukk avliva ved Kupevatn/Austdalsvatn

Ein skadd reinsbukk vart i dag avliva av Fjelloppsynet ved Kupevatn/Austdalsvatn. Han hadde ein stor skade/brot i kneet. Og på ein rein er faktisk kneet heilt oppe i låret.

Det var tilsette ved Statkraft som først oppdaga den skada reinen, ma «Vigdalsbonde». Avliving har lenge vore vurdert, men i det lengste håpa ein at reinen ville klara seg. Men Fjelloppsynet såg til slutt ingen annan utveg enn avliving, diverre. Skaden var altfor alvorleg.

Eg såg reinen etter dei hadde frakta han ned att, og det har truleg vore ein stor bukk. Geviret var i alle fall prektig. Fos var også med.

I dette området har det i sommar vore ein del rein. Rykta fortel om fleire observasjonar. Det sikraste er vel fem rein på Austdalsbreen. Andre rykte fortel om 8, eit anna om 13 bukkar. Men desse er vel ikkje «verifiserte», etter det eg veit. Fjelloppsynet fortalde i alle fall om mykje spor på snøen i området.

!ce Troll har lagt ut to saltsteinar i området, steinane kom frå Reetableringsgruppa/Fjelloppsynet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: