To etterlysingar

1.) Etter at eg har fått ny data, må eg leggja inn det digitale kartet for Jotunheimen (?) på nytt. Då kan eg leggja ut nøyaktige koordinatar til ein del av fangstminna eg har funne. Er det nokon som kan låna meg ein slik CD?

2.) På ein av turane mine på Fivla la eg att eit svart hundeband oppi fjellet ein stad. Det er av typen retrieverkobbel/jaktkobbel/”renneløkkje”.

2 kommentarar to “To etterlysingar”

  1. eies Says:

    Ja, eg ser at dette kan brukast som eit indisium på ein lemfeldig omgang med Hundelova (bandtvang). På den andre sida meiner eg at eg veit korleis hundane mine oppfører seg i kontakt med sauer. Men den dagen det vert skrive ein rapport på meg, har eg nok lite å stilla opp med.

    Noko heilt anna er at hundar er fantastiske til å leita opp rovdyrdrepne sauer og andre daude dyr i skogen og i fjellet. Samarbeid mellom sauebønder og seriøse hundehaldarar er difor ikkje dumt.

    Men av og til høyrer ein diverre om sauer som er drepne eller skadde av hundar, og eg forstår godt at saueeigarane er opptekne av at sauene deira ikkje skal li og ha det vondt.

  2. eies Says:

    Hundeeigarar har eit stort ansvar. På den andre sida seier eit gamalt ordtak: Det er godt å ha ein hund å skulda på!

    Men uansett må hundeeigarar passa på så hunden ikkje skadar eller er til ulempe for husdyr, vilt eller folk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: