Fivla – Vassdragsregulering av eldre dato

Ei sjukmelding treng vel ikkje vera til hinder for ein liten fjelltur, viss skrotten elles fungerer, kanskje tvert i mot. Noko liknande har truleg den eller dei  som  sette saman Håvamål vore inne på:

Er du halt, kan du ride,
handlaus gjæte,
er du dauv, kan du duga i strid.
Blind er betre
enn brend å vera;
daud mun ein lite duga.

Eg var som mange gonger  elles på leit etter dyregravene som skal finnast i dette området. Men sidan eg er i det poetiske hjørnet, kan eg minna om dette ordtaket frå Zen-buddhismen: Når du leitar ettter det, finn du det ikkje…

 Det eg fann denne gongen var ein oppmura demning, i området kring vasskiljet langs den merka turistvegen. At dette er resultatet av ungar sin leik, trur eg neppe. Prosjektet var for stort til det, nokre av steinane som var dregne til rettes var nokså store. Ved å sjå på mosen som vaks på steinane, så trur eg at dette i alle fall må vera utført ei god stund attende i forrige hundreår, minst.

Kva kan så vera hensikten med denne dammen…? Den beste forklaringa eg i farten kjem på at dette kan vera restar av eit lite vass-magasin i tilknyting til det imponerande vatningsanlegget som vart bygd (- men aldri kom i drift…?) i Engjadalen. Men eg ser ikkje bort frå at blogglesarane kan ha rimelegare forklaringar…..

(Eller er det likevel berre restar etter kreative ungar sin leik…)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: