Eg hadde tenkt at Villreinbloggen skulle vera ei Regjeringskvartalet- og Utøya-fri sone…

Lesarane av denne bloggen trudde kanskje at Villreinbloggen var ei sårt etterlengta Regjeringskvartalet- og Utøya-fri sone. Media fôrar og overfôrar oss med fakta og refleksjonar kring det grufulle som hende. Likevel sit me att med så mange spørsmål –  for det meste utan svar.

We’re in it for the money, skreiv Frank Zappa. I dag les eg på nettet at eit røyrleggjarfirma sel minnearmband for 129 kr, og at 35 kr av dette skal gå til “Utøyas venner”. Skal tru korleis salet blir når folk ser samanhengen.

Dei politiske partia proklamerer høgtideleg at dei ikkje skal utnytta hendinga partipolitisk. Enklast er vel dette for Arbeidarpartiet som alt fyk oppover på meiningsmålingane. Litt verre for Høgre der deira Jan Tore Sanner i går skreiv rosande ord for noko ordføraren i Oslo: Fabian Stang, hadde uttalt. Han tykte kanskje kanskje at no hadde Statsministeren fått nok ovasjonar. Me vil no vera med, me òg, tenkte han kanskje.

Aller ivrigast er nok ho Siv til å støtta opp om vedtaket om at dette ikkje skal utnyttast politisk. Ho er nok smerteleg klar over at massemordaren sitt tidlegare medlemskap i partiet hennar kjem til bli ein akilleshel i lang tid framover. Kor sterkt partiet vil fokusera på innvandringspolitikken no framover, er det ikkje godt å spå om.

Biskopen i Oslo vil at me skal bera tankane våre fram for Gud i bøn. For mange, men ikkje minst dei som slit med angst, kan nok bøn vera ei løysing. Andre vil tenkja som Nietzsche skreiv for over 100 år sidan: Gud er død! Viss ein kjem til denne erkjenninga, kan ein til dømes gi opp, som dei suicidale. Andre grip fat i situasjonen sjølve, i forvissing om at dei ikkje har ein stor og allmektig “Fader” som held si vernande hand over oss.

Ja, kva skal me gjera for å unngå at slike hendingar råkar oss fleire gonger… ? Den nygamle RV-aren Aslak Sira Myhre seier: La oss starte med å kaste hetsen ut av nettforumer og avisdebatter, la oss sette en grense, ikkje for ytringsfriheten, men for anstendigheten. Det er vanskeleg å tolka dette som noko anna enn strengare sensur.

Forsvarsadvokat Brynjar Mehling derimot, seier det motsette: Slike hendelser må styrke ytringsfriheten. Ta lokket av trykkokeren! La mørke krefter komme til orde i samfunnsdebatten, slik at mennesker som Brevik blir synlige og vi kan ta til motmæle! Ikkje refuser eller sensurer dem! Eg trur me kjem lengst med dette. At mørke krefter skal gå “under jorda” er ingen tent med.

Vår eigen Johs B. Thue peika på at det er ynskjeleg med større politisk aktivitet blant dei unge, både studentar og andre. Men viss me skal leita etter forklaringsmodellar, så kjem me ikkje unna å leita også mellom det foreldre- og besteforeldre-generasjonen har gjort.

Heng han opp etter det som heng ned, stod det å lesa på ei nettside like etter hendinga. Mange andre utspekulerte torturmetodar var også føreslegne. At slike utsegner kjem fram når me er på det mest fortvila etter grufulle hendingar, er naturleg. Me tykkjer nok at rettsapparatet vårt mel seint i slike stunder. At ein forsvarsadvokat vil seg so ilt som å forsvara eit slikt krapyl forstår me ikkje. Men lynsjestemninga må ikkje sleppast fri. Det vil alle tapa på, sjølv kor sterk mobben føler at dei er, og kor sterk rettferd dei meiner dei representerer.

Det er ikkje berre Sira Myhre som har tru på forbodslinja. Las i avisa om dataspel som var forbodne, og Carl von Trier beklaga at ein av filmane hans skal ha inspirert massemordaren. Å få lisens til våpenkjøp skal bli vanskelegare, ja, kunstgjødsel var visst alt for lett å få tak i. Men ingen nemner diesel, kanskje dei har slike bilar, forslagsstillarane…

Eg maktar ikkje å setja opp lettvinte forklaringar på korleis me skal hindra folk i å utøva slike fryktelege og uforklarlege handlingar. Foreldra til massemordaren er nok for tida utsette for eit umenneskeleg press frå media, og me må difor ta alt som dei vert siterte på i media med ei stor klype salt. Heller ikkje er det mi meining å leggja stein til den frå før fleire tonn tunge børa deira. Men eg reagerte på oppslaget om at faren hadde brote kontakten med sonen sin (altså ikkje omvendt…) då guten var 16 år gamal. Mora ynskjer heller ikkje å ha kontakt med sonen sin. Og den mest berykta utsegna: Faren meinte at sonen burde ta sitt eige liv!

Me forstår at slike sitat kjem i ein vanskeleg situasjon. Men her er det likevel noko som skurrar i mine øyre. For å seia det kort: Å halda ein god kontakt med borna sine, gjennom heile livet, uansett kva situasjonar dei er i, trur eg er det viktigaste me gjer. Parodien på det motsette kan vera Tårnfrid til Otto Jespersen. Men sjølvsagt har eg ikkje grunnlag for å hevda noko slikt om oppveksten til massemordaren.

 Å kjenna på at ein ikkje har brukt nok tid på sine eigne ungar, er noko som verkeleg kan gnaga på samvitet. Trøysti får vera at då er ein i alle fall klar over det og kan gjera noko med det…

Det vart sagt om massemordaren at han var både snill, høfleg og intelligent. Tre eigenskapar som me gjerne ynskjer skal kjenneteikna borna vore. Så for all del: Snille, høflege og intelligente må dei gjerne seia at borna våre er. Men desse tre eigenskapane gir altså ingen garanti.

3 kommentarar to “Eg hadde tenkt at Villreinbloggen skulle vera ei Regjeringskvartalet- og Utøya-fri sone…”

  1. eies Says:

    Dette er eigentleg ein tulle-tråd som eg skriv som eigenterapi og for å halda meg mentalt så frisk som råd er. Så hopp berre over dette.

    Ser i ettertid at ma. Kirsten Halvorsen på same måten som Aslak Sira Myhre også tek til orde for strengare sensur. Merkeleg. Er dette eit typisk sosialistisk standpunkt…

    Ser også at spesielt Fjordmannen, men også Han Hin blir karakteriserte som intelligente. No kan intelligens vera så mangt, men skuffande at sokalla “intelligente” menneske skal skriva og utføra det dei har gjort. På den andre sida er det ein styrke for at klokskap og visdom truleg er jamnt fordelt i befolkningen, i alle grupper og klassar.

  2. eies Says:

    Dei psykologiske forklaringsmodellane er ikkje enkle, dei heller. Fjordmann, ser eg, får full støtte på det medmenneskelege planet av begge foreldra sine, samtidig som dei tek skarp avstand frå det han har skrive. Foreldra til Han Hin vil ikkje ha noko med sonen sin å gjera.

    Nei, det er ikkje enkelt å finna ut kvifor folk gjer avskyelege handlingar. Truleg er det samansette årsaker.

  3. eies Says:

    Hendingane i Oslo og på Utøya har nok sett spor etter seg mellom følsomme og sårbare sjeler i det norske folk. Det gjer eit djupt intrykk når ein har møtt menneske som har gjort seriøse sjølvmordsforsøk i fortviling over det som hende 22.juli.

    Logikken i dette kan vera vanskeleg å forstå for oss som betraktar det heile på avstand. Men slik er det berre. Den menneskelege hjerne og menneska sitt kjensleliv kan ta mange, svært ulike vegar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: