Villreinobservasjon

I går vart det observert 5 villreinar, truleg bukkar/storbukkar, inne på Austdalsbreen. Reinane skal ha trekt inn på breen frå nord. Reinane vart fotografert frå demningen på Styggevatnet, men på frihand og over så stor avstand var visst ikkje biletet av spesielt høg kvalitet. Men eit bevis er det no uansett.

Ei tilbakemelding to “Villreinobservasjon”

  1. eies Says:

    Området ved Austdalsbreen grensar, når det villreinforvaltning, til Ottadalen Sørvest. Her har det dei siste åra vore ei svært lita villreinstamme. Likevel har det altså trekt nokre bukkar over til Lustra-sida.

    Området ved Nørdstedalen grensar, når det villreinforvaltning, til Ottadalen Søraust. Her har det dei siste åra vore ei svært stor villreinstamme, pr i dag større enn nokon gong i seinare tid. (Difor skal denne stamma reduserast frå hausten av.) Likevel har det ikkje trekt bukkar eller simler over til Nørdstedalsområdet (Dette har eg frå lokale informantar).

    Dette viser at “naturleg reetablering” er ein lite arbeidskrevjande reetableringsmetode. Men det viser også at dei positive resultata ein håpa på, dei manglar. Reinen kjem ikkje, i alle fall ikkje hittil. Når no reinstamma i Ottadalen Søraust må reduserast, tilseier logikken at sjansane for “naturleg reetablering” vert endå mindre.

    Underskrivne har aldri vore imot “naturleg reetablering”. Men han meiner at denne metoden burde ha vore supplert med ei utsetjing av rein. Av og til er det diverre/heldigvis nødvendig å gjera noko aktivt for å byggja opp att ei villreinstamme.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: