Eit bogastille på Fivla

Dette bogastillet ligg like vest for vegen frå Fivla til Heggedalsvatnet, om lag der vegen flatar ut og passerer vasskiljet. (Skal prøva å leggja inn meir nøyaktig plassering etter kvart.)

Artur S., Gaupne og Sverre F., Leikanger har begge fortalt at det skal vera nokre dyregraver på Fivla. Trond Rune F. frå Luster har fotografert nokre merkelege steinsamlingar vest for turistvegen. Dessverre har eg ikkje funne noko av dette enno. Men på ein av turane fann eg dette bogastillet.

Arne Kvitrud fortel i “Soga om Gaupne” at det er dyregraver på Råum. Dette har han etter avdøde Per Hunshamar.

Alt dette er med på å visa at Fivla-området har vore beite for villreinen i tidlegare tider. Og trass i ein del ferdsle, vil eg tru at viss turistvegen vart lagt litt om enkelte stader, og fotturistane ferdast med litt omtanke, så vil dette området på nytt kunne vera aktuelt som villrein-område. Spesielt vil eg tru at dette området kan vera gunstig med tanke på ei utsetjing av villrein. Diverre ser det ut til at Luster kommune no avviser planane om utsetjing. Men eg er redd at viss me i Luster ynskjer villreinen attende, så er det uråd å unngå ei utsetjing. (Fleire villreinområde i Sunnfjord og Nordfjord har natur og topografi som  minner om Fivla, og alle er tufta på utsetjing. Skulekameraten min Hallstein D. frå Jølster fortalde meg at om våren hende det at reinsflokken låg kring flaggstanga i tunet hans…!)

No er ikkje eg grunneigar i dette fjellområdet, heller ikkje kjenner eg til kven som er det.  Men eg meiner at deler av fjellområda i- og kring Fivla, og forsovidt også i Vigdalen, er potensielle villreinområde. Om ein alt no kan søkja eller krevja at desse områda kan verta rekna som “teljande areal” eller kva det vert kalla på byråkrat-språket, det veit eg ikkje.

Men viss ein får villreinen attende til Luster sin del av Breheimen – også Vigdalen og Fivla – då ville grunneigarane kunna få ei ekstrainntekt av dette, som kom godt med.

Og me andre som er glade i fjellet, kunne gle oss!

3 kommentarar to “Eit bogastille på Fivla”

  1. Kari og Malfred Says:

    Dette var intrsant har nokk gått forbi dar mange gonger uten å sett da !!!!

    Malfred.

  2. eies Says:

    Men no finn du det nok! Neppe mange andre som har sett det heller, dei siste hundre åra – eller kva trur du?

    Såg faktisk eit par rypekull i dette området, også. I alle fall ein av kjuklingane var godt flygedyktig. (Men ikkje sei dette til noken…!)

  3. eies Says:

    Eg misste eit svart hundeband på turen…..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: