Hjort og sopp

Biletet med løpekuler i hender er frå NRK Sogn og Fjordane . Dei andre har eies teke i skogen her i Jostedalen.

Nei, det var ikkje ein soppsjukdom eies ville fortelja om, denne gongen. Derimot ein sopp som tydelegvis er ein delikatesse for hjorten. På norsk vert den kalla løpekule (På svensk: hjortetryffel)

Når ein går i hjorteskogen om våren og utover sommaren, kan ein stundom sjå at hjorten har grave. Dette har ikkje noko med brunstgroper å gjera, heller ikkje har det noko med gjørme-bade-plassane som hjortar av begge kjønn lagar.

Det er ein underjordisk sopp som hjorten set stor pris på.  På størrelse er soppen omtrent som ein vanleg reddik. Forma er meir som ein testikkel, difor har han i folkemedisinen vorte brukt til å framkalla brunst.

Soppen eignar seg ikkje som folkamat, men kan visstnok brukast til å smaksetja mat.

På bileta kan ein sjå avtrykk etter slik sopp, antennen på GPS-en peikar mot dette. Dei som vil vita meir, kan td. googla løpekule.

Ein SNO-representant tipsa meg om dette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: