Ein liten epost-dialog mellom eies og DN med kommentar

Spørsmål til DN

Hei.

Takk for at du har vore velvilleg og bidrege når det gjeld DN sitt syn på reetablering av villrein. Dei to uttalelsane er publiserte på bloggen min, og kan studerast her:

https://eies.wordpress.com/2011/06/09/mote-i-prosjektgruppa-6-juni-1-uttale-fra-dn/#comments

Eg har stor forståelse for at DN har eit restrektivt syn når det gjeld utsetjing av rein, ikkje minst sidan ein i 1997 vart bekymra for at tamrein frå Røros utsett i Luster, i verste fall kunne trekkja over til Snøhetta og blanda seg med den ekte villreinen der.

Eg har stor forståelse for at «naturleg reetablering» ut frå både ressursmessige og «naturvernmessige» omsyn må vera den metoden ein først og fremst nyttar. Men at «Utsetjing» kan vera ein aller, aller, aller siste utveg viss ikkje noko anna fungerer.

Eg har vidare forståelse for at DN ikkje ynskjer å delta i ei lengre ordveksling om dette. Likevel er det ein setning i kommentaren din som er uklar, og samtidig viktig for det vidare arbeidet: “Vi fastholder imidlertid at andre virkemidler enn utsetting av rein synes mer nærliggende.”

Kva er det DN har i tankane her? Viss det er såkalla “naturleg reetablering” dei tenkjer på, så er etter det eg forstår ein forutsetning for å lukkast at stamma i det området ein ynskjer at reinen skal vandra ut frå er relativt stor. Stamma i Ottadalen Sør er pr i dag på 591 dyr, noko som er 50% meir enn det optimale. Dette har hittil ikkje ført til utvandring. (Ein kan også leggja til at i Ottadalen Søraust har det, så langt eg kjenner til, sidan 1977 vore rikeleg med rein, medan Luster har vore så godt som reintomt.)

Årsmøtet i Ottadalen Villreinnemnd vedtok i år at denne Søraust-stammma skal reduserast noko, men framleis haldast på om lag 100 dyr meir enn det optimale, som dei tidlegare har lova.

Det er imidlertid verdt å merka seg følgjande frå årsmøtet: ?Stammen 550 dyr i sør-austområdet må følgjast nøye for å sjå om auken er gunstig for stammen over tid.? Dette kan vanskeleg tolkast som noko anna enn at Villreinnemnda er ekstra på vakt for at beitegranskingar og andre granskingar viser at kvaliteten på vinter- og vår-beita går ned, og at kondisjonen til reinen i området blir dårlegare. (Sjå møtereferat frå årsmøtet 2011)

Det skal altså gjerast ei redusering av stamma under jakta i haust. Ei vidare redusering i henhold til kvaliteten på lavmattene og kondisjonen til reinen kan ein nok ikkje sjå bort frå. Dermed er den aller viktigaste forutsetningen for ei vellukka “naturleg reetablering” borte.

Nedlegging av turistveg frå Trulsbu til Illatnet er utført. Vidare avgrensing av fjell-turisme er neppe realistisk. Utlegging av saltsteinar er eit “støttetiltak” som forutset at reinen alt er på trekk inn i det “nye” området. Freding av heile Luster-området og deler av Ottadalen Søraust er utført.

Men den heilt grunnleggjande forutsetningen for utvandring/innvandring til Luster er først og fremst ein auke i villreinstamma på Skjåk-sida. Ut frå åtsmøtereferatet i villreinnemnda, vert rein-stamma på Skjåk-sida redusert i haust, og ut frå signala i referatet kan ein ikkje sjå bort frå ein vidare reduksjon dei komande åra.

Villreinstamma i Ottadalen er forvilla tamrein, så er er det liten fare med at utsett rein i Luster kan «forurensa» verdifullt arvemateriale. Det er mykje viktigare å hindra at utsett rein trekkjer til Snøhetta.

Tradisjonelle gjerde i høgfjellet er vanskeleg og ressurskrevjande, kanskje også ulovleg i ein nasjonalpark. Eg vil retta oppmersomheita mot dei nye GPS-baserte «reingjerda»:

http://www.bioforsk.no/ikbViewer/page/forside/nyhet?p_document_id=70540

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2010/Juni-10/prover-usynlig-gjerde-for-rein.html?id=610396

http://informa.no/Bedrift/1414175/Nofence

Desse reknar eg med at DN kjenner til, men for sikkerheits skuld set eg opp desse linkane, då eg trur dette kan vera ein aktuell metode til å halda dei utsette reinane i Luster.

Likevel, hovudspørsmålet blir likevel: Kva meiner DN med: “Vi fastholder imidlertid at andre virkemidler enn utsetting av rein synes mer nærliggende.”

Med håp om eit fortsatt positivt samarbeid!

Mvh

Einar Ese

Mobil 48214365

————————————————————————–

 Svar frå DN

Det stilles spørsmål ved hva DN mener med “andre virkemidler enn utsetting”? I det legger vi kanalisering av ferdsel og regulering av jakt slik som alt er i gang. Vi ser det som viktig å la dette virke i noen år før en konkludere med at det må ytterligere tiltak til. En annen viktig faktor som med fordel kan utredes er en bedre sammenheng med Vest-Jotunheimen villreinområde. Dette var jo en del av Ottadalen til på 70-tallet. Villrein derfra har jo til tider brukt områder nordvest for Sognefjellveien. I forhold til villreinens bruk av disse områdene er det også viktig å gå gjennom status for menneskelige forstyrrelse og avbøtende tiltak. Vi registrerer at det er sterk motivasjon for å legge til rette for at reinen bruker areal i Luster mer enn i dag, men vi maner til både tålmodighet og edruelighet i så måte. Først og fremst det siste, i forhold til at disse fjellområdene i første rekke har egenskaper som peker dem ut som gode sommerområder og at de i mindre grad er gode vinterområder for rein. Det store innslaget av breer gir vitnemål om at dette er områder som er høyalpine og hvor det årlig er store nedbørsmengder, i første rekke som snø. Det er derfor grunn til å være edruelig i forhold til sjansene for å få etablert en egen villreindelstamme som bruker områdene i Luster på helårsbasis.

Mvh

Johan Danielsen

———————————————————————————

Kommentar 

Slik var svaret eies fekk frå DN. Det er i alle fall positivt at dei vil delta i dialogen, det er slett ikkje alltid at eies har opplevd det i denne prosessen. 

Det er likevel påfallande at DN ikkje drøftar den heilt grunnleggjande føresetnaden som må vera til stades før ein kan forventa ei utvandring til Luster: Ein (større) auke i villreinstamma på Skjåk-sida. Heller ikkje nemner DN at det no kjem ei redusering i Søraust-Skjåk, truleg også i åra som kjem. 

Vi bør venta i «noen år» skriv DN. Om dette er 5 – 10 – 50 eller 100år har ingen sagt noko om, enno. Ein må også hugsa på at Luster sin del av Breheimen nasjonalpark har vore så godt som rein-tomt i over 30 år, medan ein på Skjåk-sida har hatt stort sett ei stabil og god stamme. Så naturleg reetablering er dessverre ikkje enkelt. 

Viss ein skulle få ei større villrein-stamme på Luster- sida, så er det neppe nokon som ser føre seg at dette nødvendigvis skal vera ei heilårs-stamme. Dette har nok DN misforstått. Men at det i startfasen er vinterbeite nok til ei «pioner-stamme», er det ikkje tvil om. Me har vitnemål om vinterbeite i fjella på Luster-sida både av vill- og tamrein. Fram til 1977 var her om sommaren flokkar av både bukkar og simler. I kva grad desse tok deler av vinterbeitet aust- eller vest for vasskiljet veit eg ikkje, truleg skjedde begge delene: Dei kom i alle fall attende til Luster når våren kom. 

Ein fagkonsulent som Colman, med kontaktar innan forskar- og villreinmiljøet (ma Egil Reimers), ville truleg ha kunne forhandla seg fram til eit anna resultat. Men ein må berre konstatera og akseptera at det sette Luster kommune og fleirtalet i gruppa ein stoppar for, denne gongen. 

Det er også viktig at «naturleg reetablering» og «utsetjing av rein» er to metodar som kan gå parallelt, og der den eine metoden vert støtta opp av den andre. Det er altså ikkje snakk om to konkurrerande metodar som motarbeider kvarandre. 

Han eies har heile tida meint at reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen nasjonalpark er noko som angår alle Lustringar, ja forsovidt også folk utanfor Luster. Ikkje berre ein snever krets av byråkratar, jegerar og grunneigarar, men sjølvsagt er desse sistnemnde svært viktige i prosessen. Eitt eller fleire opne møte, skriving i Lustranytt, Sogn Avis mm. hadde vore bra slik at folk flest visste at nokon jobbar med saka. Dette dreier seg om noko så gamaldags og moderne som folkeopplysning.

 Avslutningsvis har eg lyst til å sitera professor Reidar Andersen: «Vi skal ikke ta vare på fjellrein bare for jegere. Nå må vi løfte forvaltningen av villreinen vekk fra denne lille «menighetens» interesser, og gjøre dyret som er Europas eldste kulturbærer til et felles samfunnsansvar.» 

Så håpar eg verkeleg og inderleg at dei som no satsar alt på «naturleg reetablering» klarer å få villreinen attende til Luster sin del av Breheimen nasjonalpark! 

Einar Ese

 

3 kommentarar to “Ein liten epost-dialog mellom eies og DN med kommentar”

  1. stig th.aamodt Says:

    De kan ikkje vente at Skjåk skal risikere stamma på sør-aust,når dei har vore så langt over anbefalt antal vinterdyr i fleire år. Vi som jegerar frå Skjåk er sjølvsagt ikkje intresserte i ei degenert reinstamme med småe dyr,for at de i Luster skal halde fram med det fåfengte håpet om naturleg reetablering.

  2. eies Says:

    Om eg ikkje er 100% einig, så er eg i alle fall 99% samd i det du skriv.

    Flott at de markerer meiningane dykkar på denne bloggen. Det er viktig at alle partar kjem til orde.

    De er velkomne med fleire innlegg!

  3. Nokre kommentarar til svar frå ordføraren om reeteblering av villrein | Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] som det vert vist til her, er ein epost frå Johan Danielsen i dåverande DN, og eposten finn ein her. Elles kan det nemnast at underteikna hadde ein samtale med “folk i systemet”, og då […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: