Møte i prosjektgruppa 6. juni – 3): Svar frå Ordføraren på Luster Venstre sin interpellasjon i reetableringssaka.

Torsdag 26. mai kl 09.00 stillte Luster Venstre ein interpellasjon ved Steinar Bruheim i kommunestyremøtet der han spurde Ordføraren kva Luster kommune har planar om å gjera når det gjeld reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen Nasjonalpark.

Dettte har tidlegare vore kommentert på denne bloggen, men sidan ordføraren sitt svar vart lagt fram i skriftleg form på møtet 6. juni, er dette svaret no skanna og lagt ut slik at det også kan lesast.

Ei tilbakemelding to “Møte i prosjektgruppa 6. juni – 3): Svar frå Ordføraren på Luster Venstre sin interpellasjon i reetableringssaka.”

  1. eies Says:

    Svaret som ordføraren las opp har han nok ikkje skrive sjølv. Svaret er truleg skrive ved Luster landbrukskontor. Eg trur ikkje eg tek mykje feil når eg seier at første delen av svaret der dei mer formelle opplysningane står, er skrive av landbrukssjefen. Siste delen av svaret har nok fjelloppsynet forfatta.

    Men ingen skal klandra ordføraren for at han søkte hjelp frå tilsette på Rådhuset. Det skulle berre mangla. Ein ordførar kan ikkje ha spesialkompetanse på alle felt.

    Ein litt pussig ting er korleis midlane har vore brukte i denne saka. Sjølvsagt må ein innleigd fagkonsulent ha løn og godtgjersle. Det som nærast er litt komisk i denne saka er at fagkonsulent Colman vart tilådd, nærast “headhunta” av Luster landbrukskontor. Men i det seinare arbeidet, har eg fått tydeleg kjensle av at tilsette og leiinga ved det same kontoret har vist direkte mistillit til det arbeidet fagkonsulenten har gjort.

    Samfunnsøkonomisk er dette kanskje ikkje særleg heldig. Her kan ein snakka om å gi med den eine handa og ta med den andre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: