Møte i prosjektgruppa 6.juni – 2): Kart over freda område i Skjåk

På møtet vart det lagt fram ein ny avtale om freding av simle og kalv sør for Lundadalsvatnet (sjå skravert område på kartet). Det var Olav H. som fekk avtalen i stand.

Frå før er eit område frå Sprangdalen og eit stykkje austover freda for all villreinjakt (sjå skravert område på det andre kartet) 

.

6 kommentarar to “Møte i prosjektgruppa 6.juni – 2): Kart over freda område i Skjåk”

  1. stig th.aamodt Says:

    Kan framleis ikkje sjå at freding av det aktuelle området kan ha noko som helst å seie for reetableringa av rein i Luster.Frå Tverråa og vestover er det rein berre i stutte periodar,og da stort sett under jakttida.(1-3 dagar)(kan kanskje vere bukkar der i lengre bolkar,men berre bukkar blir det ikkje nokor stamme av)

  2. eies Says:

    Eg er for lite kjend i dette området. Men viss det er slik som du skriv, så bør ein vel vurdera nytten av å freda dette området.

    Personleg har eg fleire gonger lagt fram forslag om å freda Tverreggi. Kva trur du om det…? Men no er det vel så godt som rein-tomt i Tverreggi, så då har for så vidt området freda seg sjølv.

    Det store spørsmålet eg stiller meg er: Kva kan ein gjera for å få meir rein i Ottadalen Sør-vest…

  3. stig th,aamodt Says:

    Når det gjeld Tverreggi veit eg ikkje stort anna en at dykk har hatt bukkar heilt vest ved Styggevatnet om sumaren.Sør-vest stamma har vore bygd opp i antal dei siste åra utan at me har fått vandring til Nord-vest.For nokre år attende vandra reinen att og fram mellom Nord og Sør-vest,har sjølv opplevd fleire gonger at heile Sør-vest stamma har gått over RV15 i jakttida.

    • eies Says:

      Litt overraskande at du skriv at Sør-vest stamma har vore bygd opp i antal dei siste åra. Eg har derimot fått intrykk av at denne stamma i dag er alt for lita, og at Tverreggi (med nokre spreidde unntak) har vore tom for rein dei siste åra.

      Veldig interessant det du skriv om at heile reinstamma fleire gonger har gått over RV15 i jakttida. Trur du at noko liknande kan ha skjedd når det gjeld Søraust-stamma, og at det kan forklara kvifor det i dag er så stor stamme i Søraust?

  4. stig th. ammodt Says:

    For nokre få år sia bygde det seg opp ei lita stamme i området kalla Sekken,den skulle væra på 60-70 dyr.Den forsvann samtidig med att Søraust stamma auka tilsvarande.Dette var samstundes som det vart påstått at rein frå Vest-Jotunheimen hadde vandra til Skjåk Søraust.Så kvar kom bestandsauken frå?

  5. Nokre kommentarar til svar frå ordføraren om reeteblering av villrein | Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] var desse to områdi som vart freda. Tverreggi har ikkje vore freda, sjøv om det har vore sagt. At det har […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: