Møte i prosjektgruppa 6. juni – 1): Uttale frå DN

Kjært barn osb. – eg kjenner til minst fire ulike nemningar på gruppa eg er med i. I utkastet til møtereferat står det: “Arbeidsgruppa for reetablering av villrein i Luster sin del av Ottadalen villreinområde”. Møtet var på Rådhuset i Gaupne og desse møtte: Hermund M., Kjartan K., Torill O., Olav H., Einar E. og Einar F. 

På møtet vart det lagt fram ein skriftleg uttale frå DN. Johan Danielsen, DN, har no skrive denne i ei form som høver for offentleggjering, og den vert difor lagt ut nedanfor.

DN vart også sitert, munnleg, om lag slik: “Hadde talet på rein i Søraust-området vorte auka med 200 dyr, hadde Luster straks fått rein i områda sine.” Med bakgrunn i at det i dag er 191 rein meir enn det optimale i Søraust-området, så verkar denne uttalen noko søkt. Eg håpar difor at dette er ei misforståing som einkvan kan retta opp.

Generelt vil eg seia at me  ikkje bør lesa faglege uttalar som ein viss mann les Bibelen. På møtetet vart den skriftlege og den munnlege uttalen frå DN lagt ut som at no har me endeleg fått på plass den siste spikaren i kista slik at me kan gravleggja alle utsetjingsplanar. Slik er det ikkje. Eg vil likevel leggja ut uttalen frå DN slik han ligg føre, og deretter kommentera han i kommentarfeltet.

Her kjem uttalen frå DN: 

(I)

Viser til spørsmål om støtte til og tillatelse til utsetting av rein i Lusters del av Ottadalen villreinområde fremmet i flere omganger.

Direktoratet legger i denne sammenheng vekt på naturmangfoldlovens § 31:

§ 30. (alminnelige regler om utsetting)
Ingen må uten med hjemmel i § 31 eller tillatelse fra myndigheten etter denne loven sette ut

a) organismer av arter og underarter som ikke finnes naturlig i Norge, herunder utenlandske treslag,

b) vilt av arter, underarter eller bestander som ikke fra før finnes naturlig i distriktet,

c) sette ut i sjø eller vassdrag organismer, unntatt av stedegen stamme, med mindre det foreligger tillatelse etter lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven),

d) organismer som ikke fra før forekommer naturlig på stedet, dersom Kongen i forskrift har stilt krav om tillatelse til dette.

(II)

Søknad om tillatelse til utsetting etter første ledd skal klarlegge de virkninger som utsettingen kan ha for det biologiske mangfold. Kongen kan gi forskrift om krav til søknad.
Tillatelse kan ikke gis hvis det er grunn til å anta at utsettingen vil medføre vesentlige uheldige følger for det biologiske mangfold.

(III)

Bestemmelsen som gjelder vilt, b), her gjengitt med fete typer, krever at det skal søkes om tillatelse til utsettelse av vilt av samme art, men av annen bestand enn det som fins fra før i distriktet. Direktoratet vil være restriktiv med å gi slik tillatelse i alle villreinområder.

(IV)

Til spørsmålsstillingen om støtte til og tillatelser til, utsetting av rein i Luster sin del av Ottadalen villreinområde har jeg følgende kommentarer. Initiativtagerne står selvsagt fritt til å søke om både midler og tillatelse til å gjennomføre et slikt prosjekt. Uten å foregripe en behandling av en slik søknad vil jeg bare gjenta at vi har en restriktiv praksis i så måte, med mindre en vil flytte dyr internt i Ottadalsområdet kreves det utsettingstillatelse herfra. Flytting av rein internt i området (av samme stamme) krever på den annen side innfangingstillatelse herfra og tillatelse til evt. immobilisering fra dyrevelferdsmyndighetene.

(V)

Vi registrer at verken villreinutvalg eller villreinnemnd har stilt seg bak tidligere eller nye initiativ til utsetting av rein i Luster. De signalene vi får fra nemnd og utvalg ved møtepunkter i andre sammenhenger tolker vi derimot slik at de ikke ser på dette som en farbar vei til å få rein til å bruke disse delene av villreinområdet.

(VI)

Faglig sett er det nærliggende å konkludere med at villreinen med dagens bestandsstørrelse i Ottadalområdets sørlige del er lite motivert for å bruke områdene i Luster. Samtidig er det i villreinsammenheng kort vei fra mye brukte områder sør i Skjåk til områdene i Luster. En større stamme og en bedre kanalisering av menneskelig ferdsel i forhold til å la villreinen kunne bruke U-dalene som går sørover er nok både rimeligere og mer i tråd med regelverket og intensjonen bak dette, enn en satsing på utsetting av tamrein.

(VII)

Til slutt vil vi påpeke at dette er områder som fra naturens side ikke er preget av å være typiske helårsbeiter for rein og at det derfor ligger lite til rette for å etablere en egen levedyktig og høstbar bestand i denne delen av Ottadalen. Akkumulering av et flertall større og mindre breer i området tilsier et fuktig snørikt klima som vanskeliggjør overlevelse av rein i området om vinteren. Det er også kort vei for evt. utsatte dyr for å slå seg sammen med øvrige dyr i Ottadalen. Erfaring fra tidligere utsettingsforsøk underbygger dette.

(VIII)

Konklusjonen er at det er åpent å søke om midler og tillatelser, men at vi allerede nå vil signalisere at vår holdning er restriktiv og at ressurser og tid, både lokalt og her, med fordel kan brukes på annen og mer fruktbar måte.

Mvh
Johan Danielsen
Rådgiver, Viltseksjonen i Direktoratet for naturforvaltning.

For lettare å kunna kommentera brevet frå DN, har eg tillete meg å dela det inn ved hjelp av romertal, og dei står i parantes.

6 kommentarar to “Møte i prosjektgruppa 6. juni – 1): Uttale frå DN”

  1. eies Says:

    Det er mykje som ein kunne ha kommentert i denne uttalen frå DN. Men her som elles: Tek ein med alt, vil det fort bli kjedeleg.

    (I) Reinen som i dag er i Ottadalsområdet vert rekna som bortimot 100% forvilla tamrein.

    Eit spennande prosjekt kunne ha vore å setja ut ekte (genetisk – viss eit slikt uttrykk kan brukast) villrein, td frå Snøhetta. Pr i dag er vel dette utopi, men det kunne ha vore interessant å få høyra korleis DN stiller seg til ein slik tanke. Då kunne me ha invitert Stoltenberg hit utan å vera redde for at VG skreiv at han skaut tamrein…

    (V) Dette avsnittet vil eg påstå er i beste fall upresist. Slik eg har oppfatta det, så har både utvalg og nemnd vore tilbakehaldne med å engasjera seg i dei problema Luster har, ut frå ein tankegang om at dette veit Luster best, sjølve. Dei einaste som, dessverre, har vore negative til ei utsetjing er Luster sine eigne to representantar. Dette botnar nok i fiaskoen deira i 1997. Blant “folk flest” i Luster har eg møtt svært lite motstand mot utsetjingsplanar. Underskrivne har hittil ikkje registrert formell eller uformell motstand mot ei utsejing frå Ottadalen Villreinutvalg eller Ottadalen Villreinnemnd. Så kvar DN har dette frå forstår eg ikkje.

    Derimot har heilt sentrale folk i nemnd og utvalg uttalt at dei støttar ei utsetjing. Det verste som kan skje er at reinane rømmer til Skjåk, som sist, og dei får høgare avskytingskvotar. Eg trur ikkje dette er ironisk meint, heller.

    (VI) DN seier: “En større stamme og en bedre kanalisering av menneskelig ferdsel i forhold til å la villreinen kunne bruke U-dalene som går sørover er nok både rimeligere og mer i tråd med regelverket og intensjonen bak dette, enn en satsing på utsetting av tamrein.”
    At dette er enkelt og rimeleg kan so vera. Men med all respekt for DN: Dette er utopi! Stamma i Søraust er i dag på 591 dyr og skal reduserast til hausten under jakta. Villreinnemnda har også gitt tydelege signal om at vinterbeita vert nøye vurdert med tanke på ei vidare redusering.

    Viss DN kan gå inn og overprøva utvalg og nemnd, ta sjansen på nedslitne vinterbeite, utmagra dyr og påleggja at stamma i Søraust skal aukast, då forstår eg det. Elles forstår eg ikkje korleis dette kan presenterast som eit seriøst forslag frå DN. Sjølvsagt er ei naturleg innvandring av rein til Luster ynskjeleg. Men slik eg ser det er det heilt og fullt urealistisk.

    (VII)” DN: …ligger lite til rette for å etablere en egen levedyktig og høstbar bestand i denne delen av Ottadalen” Tilseier alle fangstminna, dyregraver mm. at her ikkje kan vera ein levedyktig bestand? Kva med jakta som vart driven fram til 1977 og der det i flokkane var både simler og kalvar? Kva med bukkejakta i Jostedalen på 1990-talet?

    Når det gjeld vinterbeite så veit me det vart drive tamreindrift på begge sider av Jostedalen på 1800-talet. Ei stor, steinbygd reinskve i Jostedalen vitnar om det. På 1970-talet vart det observert rein i Austdalsnosi under flyteljing om vinteren. Sverre Fossen har fleire observasjonar i boka si: “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”, det var i fleire år rein på Molden…..

    Det er klart at Skjåk har dei store lavmattene og lite nedbør. Men det finst villreinområde utan lav (td. på Vikafjellet), og Luster/Jostedalen har utan tvil vinterbeite – sjølvsagt ikkje som lenger aust. Men me har vinterbeite.

    (VIII) Det hadde vore svært interessant om DN kunne presisera kva dei meiner med: “…ressurser og tid, både lokalt og her, med fordel kan brukes på annen og mer fruktbar måte.” Då tenkjer eg på gjennomførbare tiltak. Å auka stamma i Søraust med fleire hundre dyr, er slik eg ser det fullstendig urealistisk. Med mindre DN kan gå inn og påleggja Ottadalen Villreinutvalg og Ottadalen Villreinnemnd ein auke i vinterstamma.

    Einar Ese

  2. Johan Danielsen Says:

    Uten å gi seg inn på noen lengre ordveksling om forhold vi nok er nærmer å bli enige om å være uenig om, enn å bli enig om vil jeg understreke at vi ikke spår om hvor mange flere dyr som må til i Ottadalen Sør for å få økt bruk av Luster sine fjell. I forhold til gammel bruk av ulike deler av villreinområder må vi ikke glemme at klima, stammestørrelse i et større perspektiv og folk sin bruk av fjellet har endra seg. Ese har dessverre rett i at en må være forsiktig med å øke tettheten av villrein i de relativt små og fragmenterte villreinområdene vi sitter igjen med i dag som en følge av utbygging av samferdsel, energi og turisme i fjellene våre.Direktoratet har stor tillit til villreinnemnd og utvalg også i dette området og vi ser ikke for oss å gå inn og instruere lokalforvaltninga i noen som helst retning. Vi ser at Luster kommune har innbyggere med et stort engasjement for reinen og føler med de som gjerne vil legge til rette for at arten skal bruke arealer i denne kommunen også. Vi fastholder imidlertid at andre virkemidler enn utsetting av rein synes mer nærliggende.

  3. eies Says:

    Takk til DN for eit delvis oppklarande svar.

    DN skriv: “Vi fastholder imidlertid at andre virkemidler enn utsetting av rein synes mer nærliggende.” At DN har ein restriktiv praksis i høve utsetjing ( – men utan å avvisa metoden heilt!), tykkjer eg er flott. “Naturleg reetablering” som metode byggjer etter det eg forstår på alle eg har hatt kontakt med: Ei markert auke i stammestorleik i det tilgrensande området der ein ynskjer at reinen skal trekkja ut frå.

    Me veit at stamma i Ottadalen Søraust i dag er på 591 dyr, 50% høgare enn det optimale. Dette er vel “rekord” i nyare tid, men diverre har dette enno ikkje ført til ei utvandring til Luster.

    Ottadalen Villreinnemnd har heile tida vore særs positive til å halda ei høg stamme i dette området, med tanke på å stimulera og leggja til rette for ei utvandring til Luster. Men på grunn av beitegranskingar og auken i stamma i Søraust, ser Ottadalen Villreinnemnd (med representant frå Luster) seg no nøydde til å redusera stamma noko under haustjakta i år.

    For dei komande åra uttaler Ottadalen Villreinnemnd: “Stammen 550 dyr i sør-austområdet må følgjast nøye for å sjå om auken er gunstig for stammen over tid.” Det kan såleis ikkje vera tvil om at stamma i dette området ikkje vil bli auka, og at det er store sjansar for ei vidare redusering dei komande åra.

    Dette riv vekk grunnlaget for å håpa på ei “naturleg utvandring” frå Skjåk og inn i Luster.

    Me har vel eigentleg kun to reetableringsmåtar: 1.) Utsetjing og 2.) Naturleg reetablering. Etter det underskrivne har skrive ovanfor, ligg ikkje tilhøva til rette for at me kan håpa på ei “naturleg reetablering”.

    Andre tiltak: Vegen frå Trulsbu til Illvatnet er fjerna, å begrensa ytterlegare folk sin bruk av fjellet meir, er neppe aktuelt. Driving av rein vestover er ikkje aktuelt. Saltsteinar som lokkemiddel er aktuelt, men forutset at rein er innom terrenget.

    Sjølvsagt er “naturleg reetablering” ein svært lite ressurskrevjande og enkel metode. Eg ville sjølvsagt ha satsa på denne – viss det var realistsk. Men som eg har vist her og på andre innlegg i denne bloggen, ligg diverre ikkje tilhøva til rette slik at dette er noko me med rimelegheit kan håpa på.

    Då står me etter mi meining kun att med “utsetjing av rein” som den einaste farbare vegen. Ein krevjande metode både økonomisk og på andre måtar. Men viss me vil ha rein tilbake til Luster sin del av Breheimen, er dette den einaste farbare vegen, diverre.

    Viss DN, mot formodning, skulle ha andre “knep” på lur, “andre virkemidler” som dei skriv, ville eg bli utruleg glad og takksam for å få vita kva det er.

    Einar Ese.

  4. Knut Granum Says:

    Det er også en tredje mulighet for å få mer villrein til Luster: I dag er det trolig en “korridor” mellom Vest-Jotunheimen villreinområde og Ottadalen villreinområde. I 2008 antas det at ca 75 – 100 dyr trakk fra Vest-Jotunheimen til Sotflyområdet i Ottadalen Sørområde, likeledes ble det samme år registrert noen simler med kalv i Lomseggområdet (Ottadalen Sør), disse kom også trolig fra Vest-Jotunheimen. Reintelling fra fly i 1977 registrerte flokker i Lomseggområdet samtidig med at flere flokker ble registrert i området ved Turtagrø (Luster). Etter at en villreinflokk ble fjernet (nedslaktet) fra Lomseggområdet i 1978 virker det som et naturlig trekk mellom Lomseggområdet og Turtagrøområdet nærmest opphørte. Tamreindriften kan også ha påvirket dette villreintrekket på en negativ måte. Klarer en å holde en åpen korridor/trekkrute mellom Vest-Jotunheimen og Ottadalsområdet kan/bør det føre til at villreinen bruker mer av områdene i Luster. Mvh Knut Granum, Skjåk.

  5. eies Says:

    Interessante tankar, Knut. For tida blir det frå Sogne-sida arbeidd med planar om å leggja vegen over Sognafjellet i tunnel gjennom fjellet. For villreinen bør dette bli ein fordel. Vegen har vel i noko grad lege som eit hinder for eit naturleg trekk mellom området til reinen i Vest-Jotunheimen og til og frå Lomseggji og Ottadalen-Sør. (Personleg har eg på 1990-talet sett to bukkar i Sørvest-området (Nordvest var “trykkfeil”) med tamreinmerke, så reinen kan trekkja langt.) Men det må strekast under at ein veg i tunnell under Sognafjellet, viss han kjem, uansett ligg langt framme i tid.

    At ein større flokk trekkte frå Vest-Jotunheimen og til Sotfly-området, er ikkje urimeleg. Litt rart at dette ikkje vart nemnt som ei muleg forklaring i rapporten: Kvifor går det nedover med villreinstammen i Vest-Jotunheimen? (2008)

    Trass i all velvilje frå Ottadalen Villreinnemnd med fleire: Sidan me ikkje har fått ei naturleg innvandring til Luster, sjølv med ei stamme i Søraust som ligg 50% over det optimale, så vert sjansane endå mindre når stamma no, av høgst forståelege grunnar, må reduserast endå meir.

    Men ein kombinasjon av både ei utsetjing og ei eventuell naturleg reetablering hadde vore det beste. Det eine treng ikkje øydeleggja for det andre. Tvert i mot kan me rekna med ein positiv vekselverknad mellom dei to metodane. Eg har høyrt fortalt at prosjektet med å berga fjellreven hittil har kosta 1 milliard, og endå er det vel høgst usikkert om prosjektet lukkast. Om stor-samfunnet i samband med opprettinga av Breheimen Nasjonalpark brukar ein million eller to på å få villreinen attende til Luster sin del av nasjonalparken, så er dette noko både lokalsamfunnet og storsamfunnet vil ha stor nytte og glede av.

  6. Ein liten epost-dialog mellom eies og DN med kommentar « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] https://eies.wordpress.com/2011/06/09/mote-i-prosjektgruppa-6-juni-1-uttale-fra-dn/#comments […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: