Interpellasjon til ordføraren i kommunestyremøtet torsdag

Torsdadag 26. mai kl 09.00 vert det kommunestyremøte på rådhuset. Etter det eg forstår vil Luster Venstre stilla ein interpellasjon til ordføraren når det gjeld reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen Nasjonalpark. Det var tidlegare gjort eit mislukka forsøk   14. april.

 Fagrapporten Colman/Lilleeng: Reetablering av villrein i Luster har vore klar sidan 1. mai 2010, men det er vanskeleg å sjå at Luster kommune har gjort noko for å følgja opp tiltaka som er tilrådde i planen. Fagrapporten tilrår to reetableringsmetodar:

  1.  Naturleg reetablering
  2. Utsetjing av rein.

Når det gjeld den første reetableringsmetoden: “Naturleg reetablering”, har han hittil ikkje gitt noko innvandring til Luster sjølv om det pr i dag er ei vilreinstamme i Skjåk Søraust som er 50% fleire dyr enn det optimale. Ottadalen Villreinnemnd vil fylgja utviklinga nøye, og kan ikkje sjå bort frå ei nødvendig vidare redusering i denne stamma dei komande åra. Denne metoden kan nok vera enkel og lite ressurskrevjande, men svært usikker når det gjeld resultat. (Også i Jostedalen på 1990-talet var det, over fleire år, opp mot 40 rein på sommarsbeite – utan at dette førte til ei reetablering.)

Då står ein att med utsetjing av rein – som er ein ressurskrevjande metode. Men metoden har hittil vore brukt med hell, seinast i Lærdal/Årdal i 1997. Dessutan i fleire tilfelle og i fleire villreinområde i Sunnfjord og Nordfjord, berre for å nemna nokre.

Kva som vert ordlyden i interpellasjonen, veit eg ikkje – sjølvsagt veit eg heller ikkje svaret til ordføraren. Men mykje tyder på at han vil trekkja fram at planen til Colman er urealistisk og ressurskrevjande. Spesielt vil han trekkja fram det urealistiske i å setja opp gjerder i høgfjellet (noko som iflg Colman ikkje er noko vilkår for å lukkast.)

Eit anna moment som kan verta trekt inn i debatten, er i kva grad villrein fører til ei større jerveplage for sauebøndene.  Eg har snakka med ein del av dei største sauebøndene i Fortunsområdet, på “Sørsida”, og også over grensa mot Årdal. Ingen av desse ynskte villreinen bort frå beiteområda sine. Men mange av sauebøndene hadde hatt til dels store tap til jerven. Ein del av dei var også villreinjegerar.

Rein er vintermaten til jerven, liten tvil om det. I kva grad sauebøndene sitt ve og vel og økonomiske situasjon vert påverka av villreinen, er likevel usikkert. Her spelar mange andre faktorar inn, ikkje minst det utaket av jerv som DN/SNO gjer. Dette temaet er det garantert sikkert mange – og sterke – meiningar om.

Villrein i Lustra-fjelli vil vera økonomisk verdifullt for grunneigarane, det er det ikkje tvil om. I tillegg  vil jegerar, turisme, fjellvandrarar – for å nemna nokre – ha minst like stor glede av reinen, om enn på ein annan måte. Ikkje all glede kan mælast i pengar.

6 kommentarar to “Interpellasjon til ordføraren i kommunestyremøtet torsdag”

  1. HA Says:

    Om ein vil få ein auka jervestamme om ein re etablerer villreinstammen i Breheimen er noko som ein ikkje veit med sikkerheit.
    Då er det ein større trussel at dei i Rovdyrregion 3, Oppland vil ha ynglande jerv i Breheimen for at dei skal oppnå sin bestandsplan.

    På vår side av fjellet skal det ikkje vere yngling av jerv. Men når ein kryssar fylkesgrensa så vil dei at det skal vere yngling i same fjellområdet.
    Kvar fornuften er i dette kan ein lure på.

    Men klarer Opplendingane å lere jerven forskjel på Oppland’s sauen og dei som er på vår side i tilleg til kartet så den veit kvar den skal ver så er det greit.

  2. eies Says:

    Eg kan ikkje forstå anna enn at sauebøndene og villreininteressene er i same båt. Ingen av desse ynskjer ei stor jervestamme! Her bør det vera råd å få til eit samarbeid – til nytte for begge partar.

  3. eies Says:

    Luster Venstre stillte i kommunestyremøtet i dag ein interpellasjon til ordføraren om kva Luster kommune har tenkt å gjera når det gjeld reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen nasjonalpark. Viss du vil høyra interpellasjonen frå Luster Venstre og svaret frå ordføraren, klikk deg inn her, og klikk deg deretter inn på: 32/11 Referat og drøftingssaker

  4. HA Says:

    Svaret fra ordføraren er som forventa. Han støtter seg til sine fagfolk og kva arbeidsgruppa bestemte seg for. Spørsmålet er om det er politisk vilje i Luster til å arbeide for reetablering av villreinsstamma!

  5. eies Says:

    Spørsmålet om kva som bør gjerast vidare kan stillast slik når det gjeld reetablering av villrein i Breheimen Nasjonalpark:

    Skal me venta i 10 – 20 – 50 – 100 – 200 år – – – på ei høgst usikker “naturleg” reetablering?

    Eller skal me gripa sjansen no og gjera noko aktivt for å få reinen attende?

    Eg har god grunn til å tru at dei fleste lustringar vil støtta ei utsetjing. Diverre har me litt for stor respekt for dei etablerte i Villrein-Luster. Me trur at “dei” sikkert har best greie på det, og at “dei” difor må få ha det avgjerande ordet.

    “Dei” har hatt makt og mynde i mange år. Men dei har ikkje klart å få villreinen attende til fjelli våre likevel. Det greidde dei ikkje etter 1977, dei greidde det ikkje i 1997, og dei har fram til i dag, i 2011 heller ikkje greidd det.

    Ikkje eit vondt ord sagt om desse staute karane og dyktige jentene. Men ut frå dei resultati dei har å visa til, forstår eg ikkje at dei kan overprøva ein plan utarbeidd av høgt kvalifiserte fagfolk. Ein plan som mange lustringar støttar.

  6. Kva bør eg stemma ved kommunestyrevalet…? « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] Dette gjeld på fleire område, men på denne bloggen er det naturleg å nemna at det er det einaste partiet som eg har sett har vist engasjement for å få Villreinen attende til Luster sin del av […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: