Er det Joste-bamsen som no skal skytast i Gausdal?

Det vart hevda at Joste-bamsen truleg var på veg til GausdalNo er det gitt fellingstillatelse på bjørn i Gausdal.

Les meir i Gudbrandsdølen Dagn, 

Viss han no vert skoten, skal det bli interessant å sjå resultatet av DNA prøvene.

9 kommentarar to “Er det Joste-bamsen som no skal skytast i Gausdal?”

  1. alb Says:

    Eg har også tenkt tanken om at det er «bjørnen vår» det skal jaktast på i Gausdal. Etter fun av 2 bjørnedrepte søyer ga DN fellingsløyve på 1 bjørn.
    Det er nok fleire bjørnar i området, og me veit heller ikkje om «vår bjørn» enda i Gausdal, men sjansen er absolutt til stades.

  2. eies Says:

    Ja. Men i kveld kl 24.00 går vel fellingstillatelsen ut…

  3. alb Says:

    Det er all grunn til å tru at det vert funne fleire sauekadaver, og då vert fellingsløyve forlenga. Etter 1. juni er det fylkesmannen som gjev fellingsløyve, og då vil det kanskje gjelde for litt lenger periode.
    Uansett, bjørnejakt på barmark er vanskeleg, og det er berre dei aller ferraste som endar med vellukka felling
    Lukke til ,til fellingslaget.

  4. eies Says:

    Bjørnen drakk av hagedammen min.

  5. alb Says:

    Denne bjørnen er på Sel der det sist natt vart teken ei søye på innmark.
    Truleg vert det skadefellingsløyve også her.
    Ikkje så veldig langt unna Lom og Sognefjell.
    Siste er at det er sett ulv på Sognefjell, (Herva). Det er ikkje dokumentert, men observasjonen er truverdig.

  6. eies Says:

    Er dette Joste-bamsen: Feit tenåringsbjørn skoten i Gausdal.

  7. eies Says:

    Eg har no spekekjøt av bjørn i kjøleskåpet. Gratis smaksprøvar so lenge det varer.

  8. alb Says:

    Om dette er Joste-bamsen vil DNA analysen vise oss.
    Sporstørrelsen på bjørnen som overvintra her tilseier at dette er ein godt vaksen bjørn, men dette vil som sagt analysen vise oss.

  9. eies Says:

    Ja, det skal bli interessant å få vita resultatet av DNA-prøvene.

    Fleire lokale observatørar påstår at bjørnen som uvervintra i Jostedalen var nokså stor. Og bjørnen som vart skoten i Gausdal var «ein feit tenåringsbjørn», kva no det er.

    Men etter som fjelloppsynet sa under Brefestivalen, må Jostedalen berre rekna med at her kjem fleire bjørnar. Får håpa dei ikkje går laus på sauene. Men det er vel diverre ikkje til å unngå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: