Hjortemøte

I går var det hjortemøte på Jostedal hotell klokka 19.00. Les om programmet på Luster kommune  sine heimesider.

Frammøtet vil eg seia var relativt dårleg. Dette var eit møte både for Jostedalen og Gaupne.  

Først hadde kommunen sin naturforvaltar den tradisjonelle gjennomgangen av statistikkar og Sett-Hjort. I følgje landbrukssjefen som og var der, hadde kontoret urimeleg mykje etterarbeid med Sett-Hjort. Det vart oppmoda om å levera inn meir “ferdige” resultat, evt få skjema inn på data slik at jegerane kan føra direkte inn der.

Stein Joar Hegland hadde deretter eit foredrag. Det var velforma, og han brukte PowerPoint med vakre og illustrerande bakgrunnsbilete.

Han drøfta mellom anna “Foring av hjort”. No vart det presisert at Norsk Hjortesenter som han representerte er ein privat stiftelse, altså ikkje ein offentleg instans. Det er rimeleg å tru at Hjortesenteret er avhengig av å halda på “kundane” sine. Spissformuleringar kan sjølvsagt støyta frå seg sterke grupper, og det ynskjer dei neppe.

Trygve Solheim frå det same senteret hadde tidlegare eit foredrag der han oppsummerte konsekvensane av foring slik:

Liten effekt på vekt og fruktbarhet
Effekt på gevirstorleik og kvalitet
Liten eller ingen effekt på overleving
Viktig å starte tidleg – ikkje når krisa inntreffer! Må vere i ein samanheng og planlagt, då er det ikkje skadeleg
Dyra vert avhengige – dette forpliktar! ( i lang tid). Forar du, forventar dyra at her kjem der mat.
Auka risiko for sjukdomar ved høg tettleik av hjorten
Kan styre noko kor hjorten oppheld seg

(Heile dette foredraget finn ein her.)

Samanlikna med Solheim verka Hegland mykje meir “på den eine sida – på den andre sida…”. Om dette standpunktet er forskningsbasert eller det vert gjort slik av taktiske og strategiske grunnar, vil tida visa.

Det vart vist til at det vil koma mykje ny og spennande forskning når det gjeld foring av hjort. Underskrivne håpar verkeleg at dette ikkje vert “kjøpt og betalt” forskning, i fall sterke grupper meiner dei resultata som ligg føre i dag ikkje er gode nok. 

Me kjenner hittil ikkje til forskning som konkluderer eintydig med at foring er bra for den norske hjortestamma. Slik sett er det positivt at både Hegland og ikkje minst Solheim sender ut dei same signala,  sjølv om dei nyanser ein del.

Nye signal om tidlegare jaktstart og “gratis” kalveløyve vart også drøfta. Om dette kan brukast som eit lokkemiddel for å få grunneigarane til å organisera storvald, står att å sjå. Norvald B. nemnde og det urimelege i at fleire grunneigarar som ynskjer storvald, kan bli straffa ved løyvetildelinga viss berre ein grunneigar nektar å samarbeida.

Med så lite frammøte, bør ein vurdera å ha eit felles, årleg møte – i kommunesenteret, eller at møtet går på rundgang i kommunen. Då vil det og vera enklare å å få ein ekstern “kapasitet” til å koma og halda foredrag. Å berre diskutera kurver, grafar og tal kan lett verka meiningslaust. Ein foredragshaldar som ein del av møtet var vellukka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: