Ny hund

 

Det er no komen ein ny hund i Haugåsen 17. Ho er brun, har øyrer som heng ned og heiter Ulva. Alle søskena hennar har også namn som begynnar på U. Me henta ho på Tanumshede/Bullarbygden/Tyft. Viss dette er heilt ukjende namn, så er det like sør for Strømstad. Då veit i alle fall alle kvar det er…! 

I periodar er ho svært aktiv. Det likar ikkje Io. Dei fleste skuleborn i Norge veit at dei ikkje skal mobba. Somme har til og med skrive under på kontraktar og manifest. Dan Olweus er totalt ukjend for Io. Ho driv skikkeleg ekkel mobbing av dei som er mindre enn seg sjølv. Ho hugsar heller ikkje kor tolmodig salige Aleksander Fili Bom-Bom var då ho terroriserte han med å dra han i lepane og øyro. Kan det ha noko med at hannane er meir tolmodige…?

Men akkurat på dette biletet er det fred og idyll. Måtte det berre bli mange slike stunder.

3 kommentarar to “Ny hund”

  1. HA Says:

    Du har kjøpt deg arbeid no! Skal bli moro å sjå om ho fungera til neste år.

  2. eies Says:

    Mykje arbeid, ja. Og ekstraarbeid til min bedre halvdel. Men eg trur både me og ungane får mykje glede av ei slik ugagnskråke i heimen. Håpar at ho etter kvart også vil fungera på spor, ettersøk og jakt.

  3. Linda Hermansson Says:

    Io och Ulva ser ut att trivas gott tillsammans. Ser jätte mysigt ut.
    Så bra att få en fostermor =)
    Hoppas att allt flyter på !
    MVH Linda och gänget som är kvar på Tyft i Sverige !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: