Hjort skoten i august – for ei stund sidan…

Sidan det no er kome signal frå DN om tidlegare jaktstart på bukkar, har eg lyst til å syna geviret av det som var den første hjorten som vart skoten i Ese-dalen – min barndoms grøne dal. Denne hjorten vart altså fellt i slutten av august!

Med forbehold om at eg hugsar rett det far min fortalde: Hjorten vart skoten av onkelen min Nils Ese (1892-1918)  kring 20 august, og ca  1912. Det vart fortalt at i tillegg til at dette var ein prakt-bukk, så hadde han pels på geviret. I dag forstår me at dette måtte vera ein bukk som endå ikkje hadde feia geviret.

Hovudet på hjorten hugsar eg hang lenge på verandaen til Balestrand Pensjonat. Eg såg at på den tida laga taxidermisten innmaten av tre. Idag vert eit isopor-liknande materiale brukt. Til slutt vart geviret plukka opp av ein søppel-konteinar.

Det vart fortalt at då Nils fellte hjorten i Halsalii i Esedalen, skaut han først eitt skot frå den eine sida. Så gjorde bukken eit byks tvert om, og då fekk han eit nytt skot. Det vart visst banen hans.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: