Årsmøte i Ottadalen Villreinnemnd – fastsetjing av kvotar

Ottadalen Villreinnemnd hadde 15. og 16.april 2011 møte på Bjorligard hotell, Bjorli, Lesja. Der vart kvotane for jakta i 2011 vedtekne. Representanten frå Luster i nemnda kunne ikkje møta, det kunne heller ikkje vararepresentanten frå Luster.

Den optimale (“normale”) vinterstamma i Ottadalen Sør-Aust er på 400 villrein. Dette talet er fastsett på grunnlag av beitegranskingar. På eit møte sist vår gav Ottadalen Villreinnemnd signal om at dei likevel var villege til å halda stamma på i overkant av 100 dyr meir enn det optimale – for å stimulera til ei “naturleg” innvandring til Luster sin del av området. Stamma er no i følgje flyteljingar på 591 dyr, med andre ord er stamma no 50% større enn det optimale, utan at det har ført til den frå Luster si side høgt etterlengta “naturlege” innvandringa. (Det einaste underskrivne kjenner til er nokre observasjonar av bukkeflokkar på sommarsbeite i Middalen
(Nørdstedalen) )

Ottadalen Sør-Aust omfattar, grovt rekna, Lundadalen, Tundradalen og vidare vestover til Sprangdalen og Sprangdøla. Eit område frå Sumarkvile og vestover til Sprangdalen/Sprangdøla er total-freda for reinsjakt, det same er Luster sin del av Ottadalen villreinområde.

På grunn av beitegranskingar og auken i vinterstamma i Sør-Aust, lyt denne stamma no reduserast. Men som sekretæren i Villreinnemnda tidlegare har gjort greie for, vil dei framleis halda ei stamme her på i overkant av 500 dyr, slik Villreinnemnda gav signal om må møtet i Loen i vår. Det er ei
stamme på i overkant av 100 dyr meir enn det optimale.

Det er verdt å merka seg følgjande tillegg til vedtaket som vart gjort: “Stammen 550 dyr i sør-austområdet må følgjast nøye for å sjå om auken er gunstig for stammen over tid.” Dette må tolkast slik at det vert gjort kontinuerlege vurderingar, mellom anna beitegranskingar, av kor lenge det er forsvarleg å halda stamma på 150 dyr over det optimale. Det er såleis heilt urimeleg å forventa at Sør-Auststamma skal kunna aukast. Viss det viser seg at det vert ei negativ utvikling i lavmattene på vinterbeita, med dårlegare kondisjon hjå dyra som resultat, må ein nok forventa ein vidare reduksjon i vinterstamma i Sør-Aust. Ottadalen Villreinnemnd er ein veldriven organisasjon og det er utenkjeleg at dei vil “ta sjansar” med antalet dyr i vinterstamma, eller at dei vil “gambla” med kvaliteten på vinterbeita viss beitegranskingar syner ein negativ trend.

Uansett må det strekast under at Ottadalen Villreinnemnd har vist stor velvilje mot Luster sidan dei har lete stamma i Sør-Aust veksa til 591 dyr som er situasjonen pr. i dag. Om stamma no vert redusert til 550 dyr, er dette framleis 150 dyr over det optimale. Det som for Luster sin del er noko
trist, er at dette enno ikkje har ført til ei “naturleg” innvandring av rein til Luster.

Det er framleis eit lite håp, men mykje mindre enn tidlegare, om at Luster kan få ei “naturleg” innvandring frå Ottadalen Sør-Aust.

3 kommentarar to “Årsmøte i Ottadalen Villreinnemnd – fastsetjing av kvotar”

  1. Knut Granum Says:

    Enig i dine oppsummeringer og konklusjoner, Einar. Mvh Knut Granum (sekr. Ottadalen villreinutvalg)

  2. Interpellasjon til ordføraren i kommunestyremøtet torsdag « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] enn det optimale. Ottadalen Villreinnemnd vil fylgja utviklinga nøye, og kan ikkje sjå bort frå ei nødvendig vidare redusering i denne stamma dei komande åra. Denne metoden kan nok vera enkel og lite ressurskrevjande, men svært usikker når […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: