Vårteikn – og litt til…

Fjerna ein flått frå ho Io i dag, han sat rett under auga. Han har nok sete og meiska seg med hundablod nokre dagar. Eg trudde aldri at flåtten var aktiv så tidleg på året. Eies plar bruka O”TOM til å fjerna flåtten, veldig grei.

Kor har ho fått flåtten…? Utelukkar Jostedalen, sameleis Balestrand der det er mest like mykje snø som her. Men me hadde ein skogstur i skogane på Kaupanger. Somme stader der var snøen vekke, og det er nok der parasitten har gripe tak.

——————

På Kaupanger såg eies eit par (pluss nokre til) daude hjortekalvar, dei fleste låg nokså nær foringsplassar. Der vomma framleis var intakt, såg det ut til å vera rikeleg vominnhold. Eies meiner han har lese eller høyrt at forskaren Rolf Langvatne observerte de same ein gong, ein annan stad: At hjortane låg daude med vomma og kjeften full av mat. Forenkla problemstillingar (og svar) kan vera skumle.

Nede ved sjøen låg det restar etter fleire vaksne hjortar. Om desse var frakta dit med sjøen, eller om dei hadde trekt ned til sjøen for å døy, veit  ikkje eies noko om.

Vinteren har nok vore hard, men om me skal vera tabloide og bruka uttrykket katastrofe, er tvilsamt. Grunneigarane på Kaupanger har vel gjort som dei pla gjera dei seinare åri, og utan tvil brukar dei nok svært mykje pengar, ressursar og tid på foring.

Kaupanger er i dag nærmast ein monokultur med furuskog. Det verkar ikkje som avkastninga i skogbruket i dag er spesielt høg. Truleg tener grunneigarane der ute mykje meir på hjortejakta enn dei gjer på skogsdrifta.

Han eies etterlyser ein brei, sakleg og edrueleg debatt kring den framtidige hjorteforvaltninga – ikkje berre i på Kaupanger, men i heile Sogn!

På Kaupanger har eies forresten treft på ein jovial og folkeleg kar ute i skogane. Tilsynelatande ser han ut som ein skogsarbeidar, men kven veit: Kanskje han er ein av dei største grunneigarane… Om han skiftar “attitude” når debatten startar, veit eg ikkje. Han er kanskje litt usikker på motiva mine for å labba rundt der ute saman med hunden min. Men nokon paparazzi vert han eies neppe.

Har ein del foto, men å nøra opp under elden med meir katastrofe-skriverier no, er kanskje ikkje det klokaste.

Hjorten er uansett eit felleseige. Den bukken eg ser framme ved Styggevatnet om sommaren, går kanskje og brølar ute på Kaupanger når hausten er komen.

4 kommentarar to “Vårteikn – og litt til…”

  1. eies Says:

    På SMS har eg fått ein kommentar om at restar av nett/snøre/plast rundt rundballane kan dyra eta i seg, og hysdyr kan døy plutseleg utan ytre symptom. Det tettar seg i tarmane og vert ikkje nedbrote.

    Til forsvar for “forarane” må eg berre seia at dei foringsplassane eg har sett i det siste, ser ryddige ut utan at plast mm.
    ———————————————————————–
    Personleg er eg uroa for korleis hjorten reagerer på bråe forskifte. I den “gamle” læreboka står det at hjort og elg som lever på kvist, bork og lyng, dei går på “sparebluss” om vinteren. Det vil seia at heile kroppen deira med alle organ vert innstilte på eit særs lågt funksjonsnivå, låg forbrenning og dyra er svært lite aktive og held seg ofte innan eit utruleg lite område. Om den “nye” læreboka seier det same vil visa seg…

    Eg vil tru at viss slike dyr som har levd i lang tid på kvist og kvas, brått får tilgang til ein rundballe, så kan dei “eta seg i hel” (trommesyke, kolikk… )

    Om det er dette som har hendt med dei daude kalvane med full vomb, veit eg ikkje. Dette kunne det godt ha vore forska meir på.

    Viss grunneigarane ynskjer det, må foring av hjort trappast ned over fleire år, truleg i kombinasjon med ein reduksjon i vinterstamma.

    Eg har hittil ikkje lese forskningsresultat som eintydig konkluderer med at foring er bra for hjortestamma.

  2. eies Says:

    Eit radikalt forslag: – La hjorten døy av svolt

    Stein Johar Hegland og Arve Aarhus ved Norsk hjortesenter er ikkje einige i dette.

  3. Knut Nybø Says:

    Kem andre en MD, DN og Fylkesmann har ansvar for den alt
    for store hjortestamma?, offentlig dyrplageri?.

  4. eies Says:

    Hjortestamma er nok for stor somme stader, særleg i nokre vinterbeiteområde. Det hadde nok vore betre å få spreidd hjortane meir utover i terrenget om vinteren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: