Venstre tok opp villreinetableringa i kommunestyret

Steinar Bruheim frå Venstre hadde i dag ein interpellasjon til ordføraren i slutten av kommunestyret. Spørsmålet var om kva ordføraren kom til å gjera for å følgja opp tilrådingane frå Jonathan E. Colman i fagrapporten der han drøftar kva som må gjerast for å få villreinen attende til Luster sin del Breheimen.

Ordføraren hadde ikkje fått førebudd seg til interpellasjonen, så han kunne berre svara på det som eit grunngjeve spørsmål. Han skulda på at dataen hadde vore “nede”.

For eies verka det likevel som at ordføraren sitt svar var  prega av sterke krefter på landbrukskontoret. At Villreinstamma i Ottadalen-Sør no skal reduserast, vart ikkje drøfta. Heller ikkje at dette er svært uheldig for ei “naturleg” reetablering.

I verste fall kjem Luster no til å missa/få sterkt redusert ein reetableringsmetode (“naturleg” reetablering.) Viss dei signala som ordføraren kom med skal gjennomførast, seier Luster i tillegg Nei-takk! til den andre reetableringsmetoden (utsetjing).

Viss ikkje folk ikkje kjem på andre tankar, ser ikkje framtida lys ut.

2 kommentarar to “Venstre tok opp villreinetableringa i kommunestyret”

  1. eies Says:

    Til forsvar for ordføraren vil eg presisera:

    Etter at dataanlegget hadde vore ute av drift, hadde ordføraren liggjande 140 epostar som han måtte svara på!
    —————————————————————
    Ordføraren kjende visst ikkje til dei nye usynlege gjerda. Enno ein link om dette.

    Dei som vil vita meir om desse “gjerda” kan til dømes googla “elektroniske gjerde”, eventuelt “elektroniske gjerde + rein”.

    Sjølv om motstandarane av ei utsetjing kanskje vil hevda det motsette, så har Colman/Lilleeng aldri uttalt at inngjerding er noko ein gjera for å få til ei vellukka utsetjing.

  2. Interpellasjon til ordføraren i kommunestyremøtet torsdag « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] 26. mai kl 09.00 vert det kommunestyremøte på rådhuset. Det var tidlegare gjort eit mislukka forsøk   14. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: