Kvar vart det av bjørnen…?

Eg berre undrast, kvar er han no…..

Når det gjeld bjørnen som me returnerte til Gudbrandsdalen, så verkar det som at ruta hans er godt klarlagt, eit stykke i alle fall. Han for innafor Rivenoskulen og over fjellet til Tundradalen der det vart sett spor ved Tundradalssetra. Så tok han nedover dalen til ein plass kalla Illvegen. Her tok han austover øvst i skogen i hovuddalføret, passerte nedanfor Sjellom seter, vidare runda han Tverrfjellet i skoggrensa før han sleppte seg ned i skogen ved Lundadalen. Her fann dei møk etter han. Han kryssa Skjølaelva ved Moldura (sidebekk), og tok nedover Lundadalen ved austsida og opp ved bekken Lenda. Det siste dei har høyrt er at det vart sett spor ved garden Aukrust i bøverdalen i Lom. Her har han og fare før. Truleg skal han til Gausdal som tidlegare.
Det er sikre kjelder i Skjåk som fortel dette (håpar det er rett gjengitt av meg). Elles kan de lesa meir på Hellebø-bloggen til fos.


2 kommentarar to “Kvar vart det av bjørnen…?”

  1. eies Says:

    Bjørnen “vår” kan vera komen til Vågå. Les meir i Gudbrandsdølen Dagningen

  2. Er det Joste-bamsen som no skal skytast i Gausdal? « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] vart hevda at Joste-bamsen truleg var på veg til Gausdal.  No er det gitt fellingstillatelse på bjørn i […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: