På bakspor til liggeplassane åt bjørnen

Det kom etter kvart fleire interesserte dit bjørnen hadde drepe hjorten. Dei fleste verka mest interesserte i kor bjørnen hadde drege hen.  Men ingen såg ut til å bry seg med baksporet, altså kor bjørnen kom frå. Ut på ettermiddagen tok eies difor for moro skuld og fylgde baksporet. Dei kom då etter kvart opp i ulenda, opp i dei bratte bergi over Byggefeltet og under Haugafjellstølen. Her fann han fleire interessante ting. Nokre stader hadde Bamsen sklidd nedoverbakke, nokre stader hadde han spreidd eit tunt lag med beksvart avføring ut over eit større område. Mest interressant var det kanskje å finna tre liggeplassar, dagleger, nærmast som nokre «reir» på utsjånad, oppe i det ulendte og bratte terrenget. Ikkje meir enn om lag 1 km frå Byggefeltet på Gjerde hadde Bamsen altså lege, sannsynlegvis i minst tre dagar,  medan han bygde seg opp og samla krefter ved hjelp av hjortetartar.

Viss du held musepeikaren over kvart av bileta, kjem det fram «Bjønna-reir» pluss eit tal. Dette talet finn du att i lista nedanfor.

002 Her har Bjørnen sklidd ned nokre bakkar. Om dette er leik eller td for å spara tid nedoverbakke, veit eg ikkje.

003 Liggeplass, nærmast eit “reir” der bjørnen har samla kvistar og bar til å liggja på. Som de kanskje ser har han også slite laus bork frå furua attmed, og bork veit me isolerer.

004 Same liggeplass frå ein annan vinkel.

005 Her har bjørnen hatt ein eller annan form for “sprutdiare” eller “budledreta” som det heiter på sogna-dialekt. Kva ord jøstedølene har for dette, er eg ikkje viss på. Dei danna seier visst «liv-sykja». Det er nok litt av ein belastning for ein mage som har vore tom i fleire månader. å brått skulle bli oppfyllt med ein halv hjort, eller noko slikt.

006 Same liggeplassen som ovanfor.

007 Dette er ein annan liggjeplass. Denne er enklare utforma, i tillegg har det snøa oppi.

008 Siste liggeplassen han har brukt i dette området. Her har han truleg lege søndag 27..mars før han laga dei rykande ferske spori som me fann dagen etter.

009 Same liggeplass.

011 Det var fleire slike stader der bjørnen hadde spreidd svart og flytande avføring utover. Etterpå har dette vorte dekka av eit tunnt snølag.

Advertisements

2 kommentarar to “På bakspor til liggeplassane åt bjørnen”

  1. TT Says:

    Takk for interessanne bilete og forklaringar. Jo, det heiter bulledreta i Jostedalen òg – i alle fall gjorde det det sist eg budde der. Liv-sykje har eg aldri sagt. Men so er eg ikkje spesielt danna heller. Eg har sjeldan bulledreta. Kanskje er det fordi magen sjeldan får kvile so lenge i gongen?

  2. eies Says:

    Takk for oppklaringa, TT. Nett før eg las kommentaren din, kontakta eg ein lokal informant som kunne stadfesta det same du skriv: Det lokale omgrepet er «bulledreta». Schønbergen plar føreskriva «Imodium» viss det ikkje går over etter nokre dagar. Bamse Brakar kjem vel neppe til å kontakta Hermansen, for det går nok over når han no truleg går over på magrare kost, ei stund.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: