Bjønnen i Jostedalen søv ikkje lenger i sitt lune hi…!

Her er bileta eg tok med min vesle SAMSUNG L730. Ser med ein gong at bileta til fos har ein mykje høgre teknisk kvalitet. Dei 2 bileta av Harald H. tok eg heilt til slutt i serien. Han var den første som kom opp til meg og Io, der restane etter hjorten låg. Me hadde nok spora ei stund før me fann hjorten. Sidan eg forstod på reaksjonen på hunden at spori måtte vera relativt ferske, så tok me oss god tid og studerte lanskapet framfor oss nøye for kvar gong me kom til ein haug. Ikkje sikkert at bamsefar hadde sett pris på besøket vårt viss han var midt i hovudretten. Dei bileta som er lengst “vekke” i serien,  frå Harald, er dei me tok først.

Elles meiner eg at bein og skinn ligg urørde slik dei viser her på bileta, sidan eg tok hunden i band. “Jomfrueleg” slakteplass slik han Brakar forlot han. Snørten har til å slakta og rydda opp etter seg, vil eg seia. Det var neimen ikkje mykje som låg att, ikkje mageinnhald  og berre så vidt det var litt blod her og der.

Underkjeven på biletet fann eg ca 50 meter lenger oppe. Om det er Bamsen som hadde misst han, eller det er fuglar eller dyr som har frakta han motbakken, veit eg ikkje.

(Trugene er MSR Denali)

I ettermiddag ville eg gå ein trugetur frå Byggefeltet til Breheimssenteret.  Om lag  1 km frå Feltet, litt før Hellebø, kryssa eg heilt ferske bjørnespor. Ho Io drog hardt i bandet, så spori kunne ikkje vera så mange timar gamle. Me fylgde spori ei stund utan å trø for mykje i dei. Der fann me skinn og bein frå ein truleg 3 – 4 år gamal liten bukk. Ikkje mykje låg att.

Tippar bjørnen hadde drepe hjorten for eit par dagar sidan og ete det han har orka. Så kom han att og åt opp resten etter ein dag eller to. Bjørnen hadde gått vidare i retning Breheimsenteret.

Men dette kan sikkert andre forklara betre enn eg. Fjelloppsynet er kontakta.

(Meir om bjørnen her:  Hellebøbloggen Tøff i trusa bloggen Sogn Avis NRK Sogn og Fjordane )

12 kommentarar to “Bjønnen i Jostedalen søv ikkje lenger i sitt lune hi…!”

  1. jiljelasguten Says:

    Har du bileter ?

  2. TT Says:

    I år blir det altså eit skikkeleg BJØNNARENN!

  3. eies Says:

    Ho Gry C. såg sannsynlegvis bjønnaspor i Bredalen, med trugespor attmed. Kunne det vera Fjelloppsynet?

    Når det gjeld bjønn er rykte ofte meir interessante enn fakta. Og ryktet fortel at sindige saueeigarar har sett bjønnaspor i vegkanten i Fåberg.

    Andre ikkje stadfeste rykte fortel at bjønnaspori er på veg heimover att.

    Fleire rykte – kom an!

  4. grok Says:

    Fakta er meir interessant enn rykte…

    • eies Says:

      Fakta er ofte både forutsigbare og etterprøvbare, altså litt trauste og kjedelege.

      Rykte har varierande sannheitsinnhald, neppe meir enn 5% sanning, stundom meir, ofte mindre. Men så har me “ingen røk uten ild”-faktoren. Og andre faktorar som gjer at dei fleste av oss har problem med å avvisa rykte fullstendig (som me kanskje burde?). Rykte seier ofte mykje om dei som ber dei vidare, og generelt om folk flest. Og rykte kan halda folk vakne om natti. Pluss mykje meir…

      Så rykte tykkjer eg difor er mest interressant, sjølv om det også er interessant å fylgja spori etter ein bjørn.

  5. fos Says:

    Gry C såg heilt sikkert bjønnaspor i Breadalen, med trugespor attmed. Fakta om dei trugene er att det er Åsnes Simle og dei tilhøyrer underteikna!

  6. anki Says:

    spennande lesing og bilete eies – eg trur eg hadde teke halen mellom beina og snudd rimeleg kjapt om eg snubla over bjønnaspor nokon stad, so moro å lese om alle de andre som er eit par hakk kvassare =)

  7. eies Says:

    Kvassare, eller dummare, det kjem an på auga som ser.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: