16. september har minst halvparten av hjortane i Jostedalen reist til vinteropphaldstadene


Avisinlegg frå Oddvin fossøy, Sogn Avis 17.mars 2011

På heimesidene til Norsk Hjortesenter står ein svært interessant artikkel:  Folkekrav om tidlegare hjortejakt? Det er leiar av viltforvaltninga ved Norsk Hjortesenter, Arve Aarhus, som uttaler seg. Ut frå opplysningane i artikkelen har eg trekt nokre konklusjonar:

  • Minst 37% av hjortane er reiste frå td. Jostedalen og Veitastrondi før jaktstart 10. septemberstartar, då  er dei  ferdige med hausttrekket.
  • Og 16. september er halvparten av dyra komne på plass på vinteropphaldstadene sine, og difor reiste frå Jostedalen – eller Veitastrondi.

Har brukt Veitastrondi og Jostedalen som eksempel sidan dette er stader med svært gode sommarsbeite for hjort, medan desse stadene enno berre i liten grad vert brukte  som vinterbeite.

(Men dette held på å endra seg: Ein kar gjorde no i mars eit nokså seriøst overslag på 30 hjortar framom Fossøyane. Dette er dyr me veit om. I tillegg er det uoversiktlege område der det i tillegg er x antal dyr)

Aarhus antydar 20. august som ei høveleg tid for jaktstart. Han nemner nokre motargument, men ser ikkje at han nemner dei (bitte) små hjortekalvane frå 20. august. Desse vil veksa mykje utover hausten. Å skyta kolla frå ein så liten kalv, er etisk forkasteleg. Og jegerane vil neppe skyta ein så liten kalv. Eit alternativ er då rein bukkejakt, som for rådyr.

Eit avisinlegg med ein del av dei same tankane hadde Oddvin Fossøy i Sogn Avis, torsdag 17. mars i år, eit forslag der han vil kutta ut desemberjakta, og i staden ha 1. september som høveleg jaktstart.

(Takk til Hellebøbloggen som tipsa eies om dette!)

Advertisements

Ei tilbakemelding to “16. september har minst halvparten av hjortane i Jostedalen reist til vinteropphaldstadene”

  1. Knut Nybø Says:

    Er einig med Oddvin Fossøy, men berre bukke jakt i tiden 1 til
    10 for å spare kolle og kalv så dei kan komme tilbake neste
    år. Hjort som har beita under breen trekker tilbakke, det viser
    merke prosjekte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: