Kvifor forar me fuglane…?

Bileta har eg funne på heimesida til Norsk Ornitologisk Forening.

Med bakteppe i debatten som har gått ei stund: Bør me fora den ville hjorten? skreiv eg inn eit spørsmål på sida Spør en ornitolog. Spørsmålet mitt var i kortform: Bør me fora småfuglane? Svaret kom utruleg raskt og  i saklege former og vendingar, men slik eg tolkar det, er svaret nokolunde slik: Den viktigaste grunnen til å fora fuglane er at det kan gi oss menneske nærkontakt med fuglane, og at dette kan gi både born og eldre mange gleder.

Dei som vil sjå heile spørsmålet og svaret, kan lesa her. For fuglelivet i seg sjølv er altså ikkje foring berre positivt.

I media har me i vinter sett ein oppblomstring av debatten kring vinterforing av hjort. Foring av hjort kan raskt bli ein kostbar og abeidskrevjande “hobby”. Eg saknar eit breiare og meir langsiktig perspektiv på problematikken.

I kva grad er det naturen og hjorten sitt ve og vel me er mest opptekne av når me startar opp med foring av hjorten i stor stil…?

6 kommentarar to “Kvifor forar me fuglane…?”

  1. HA Says:

    Slik eg tolker svaret du fekk, så er det mykje det same som for hjorteviltet. Ein gjer det like mykje for seg sjølv som for den ein forer. Det ein må spørje seg sjølv om er om me vil at svake individ skal overleve uansett. Og er me klar over konsekvensane av ein aukande mengde individ.
    Sjølv små fuglar kan sikkert gjere skade om det vert for mange av dei! Vil dei utrydde andre arter i sin leit etter mat?

    Eg veit ikkje. Men mater ein småfuglane så er det viktig at ein mater heile vinteren, og spesielt i den kaldaste tida. Er du vekke på tur må nokon andre mate fuglane for deg i den perioden!

  2. eies Says:

    Ja, og så grip ein jo inn i balansen mellom artane i naturen. Nokre arter vert fora – andre ikkje. Kanskje dette kan føra til at sjeldnare arter døyr ut…

    (På den andre sida: Å seia at td. born og pensjonistar skal slutta meg fugleforing, det føler eg likevel vert heilt feil. Men å tenkja over samspelet i naturen skadar ikkje. Det me gjer av vår “godheit” eller “for å vera snill med dyri”, det kan av og til vera skadeleg for naturen.)

  3. Knut Nybø Says:

    De kann ikkje samanlikna småfuglar og hjort. Hjorten har våre
    regullert av byrokrata med lover og foresrifter i 60-70 år,
    målet har vore mest mulig kg. kjøtt og kr. det har ikkje våre
    tenkt på att stamma skall vera lifskraftig og frisk.
    Gråsporven er snart vekke etter at silo overtok etter høy.

  4. eies Says:

    Det med sporven har du nok rett i. Endå lettare å vera sporv var det nok den tida det var korn på gardane.

    Utilsikta foring av dyr og fuglar måtte det vel vera med avfallsdyngjene rundt om på gardane, i alle fall i 60 og 70-åra. Sjølvdauda dyr vart vel ikkje grevne ned alltid, nokre vart brukte til reveåtl, det vart vel og ein foringsplass for fuglar. Så me menneske har nok påverka dyre- og fuglelivet mykje, alt frå dei eldste tider.

    Folk bør tenkja over konsekvensane av foring. For sin eigen del og for dyri og fuglane sin del.

    Somme har starta uskuldig med foring av eit par hjortar, for å vera snill og god med dyri. Etter nokre år har flokken vakse til 10, og det går oså greitt. Endå nokre år har gått, og brått sit dei med ansvar for 50 dyr. Då vert foringa ei større økonomisk belastning, og arbeidsmessig går det med adskillege dagsverk. Det tenkte dei nok ikkje over då dei starta.

  5. Knut Nybø Says:

    Er eining angåand foring av hjort, men hjorten er eit forvalta
    dyr å må forvaltast etter det naturlige forgrunlage.
    I Sogen og Fj. vart det felt i 1990 3512 dyr– 2009 felt 11600
    dyr, at det ryk med einkelte dyr om vinteren er normalt men
    når eit stort anntal står å svelt i hel er det nåke som er gale
    med forvaltningen.

    • eies Says:

      Ja. Skal tru om ikkje dei enkelte stader må skyta mykje meir.

      Er dei først begynt å fora så må dei ikkje slutta brått.

      Elles tykkjer eg det kunne fellast ned mykje gode beitetre som raun, alm, ask og andre. Då får ein avbarka og fin ved til våren.

      Såg ein høg og tunn ask på Kaupanger som hjorten hadde ringbarka. Treet kom garantert til å visna og døy. Det hadde knapt gitt eitt måltid til ein hjort. Hadde treet vorte felt ned, hadde det gitt fleire måltid til mange hjortar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: