Luster Venstre om villreinen

Medan jentene gjekk skiskyting i går, fekk eies ei overraskande, men desto meir hyggeleg telefonoppringing som kunne fortelja at Luster Venstre hadde eit innlegg om villrein i Sogn Avis. Denne føremiddagen sat eies og hang litt både med nebben og lepen, men dette var verkeleg ei oppmuntring som varma! Luster Venstre har tidlegare sagt at dei er miløpartiet i kommunen. Innlegget tyder på at dette ikkje berre er tomme ord:

Villreinen i Luster

(Dette bildet var brukt som illustrasjon til innlegget, litt maskert rett nok. At Avisa ikkje skriv kven som er fotografen gjer ingen ting i denne samanhengen… )

Ynskjer Luster kommune ei berekraftig stamme av villrein i Breheimen nasjonalpark?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Luster kommune engasjerte førsteamanuensis Jonathan E. Colman ved UMB til å utarbeide ein rapport om villreinen sin bruk av Breheimen.

Denne rapporten konkluderer med at til trass for tidlegare mislykka forsøk på reetablering av villrein i området så kan eit nytt forsøk bli vellykka. Det er skissert fleire modellar for korleis dette kan gjerast, frå naturleg reetablering m.a.o. ein lar naturen freiste å reetablere reinstamma. Dette vil ta minium 15-20 år og krev freding av villreinen både her og i tilstøytande område. Eller ein kombinerer ei naturleg reetablering saman med utsetjing av rein som vert gjeta i 4-5 år. I tillegg er det naudsynt med fôring på strategiske stader om vinteren.

Jonathan E. Colman avsluttar rapporten sin med at han har tru på ei vellykka reetablering av villreinstamma i Breheimen.

Luster Venstre ynskjer ei rask og effektiv reetablering av villreinen i Breheimen og vil be Luster kommune saman med Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning å arbeide for ei slik løysing.

Jon Ove Lomheim

Leiar for Luster Ventre

———————————————————————————————–

Nedanfor har eg skanna det originale innlegget som stod i Sogn Avis:


Advertisements

Ei tilbakemelding to “Luster Venstre om villreinen”

  1. Kva bør eg stemma ved kommunestyrevalet…? « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] For meg er naturvern, i vid forstand,  noko av det aller viktigaste.  Slik eg ser det har Luster Venstre vore det partiet som har markert seg tydelegast i valkampen, og som eg vil kalla Miløpartiet i Luster. Dette gjeld på fleire område, men på denne bloggen er det naturleg å nemna at det er det einaste partiet som eg har sett har vist engasjement for å få Villreinen attende til Luster sin del av Breheimen. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: