Då Sognefjellsvegen heldt på å bli heilårsopen veg

 

 

Fotoet frå Sognefjellet er henta frå Statens Vegvesen

Han eies håpar at eventuelle lesarar tilgir at han tykkjer litt synd i seg sjølv sidan forslaget frå fagkonsulent Jonathan Colman, og som eies støtta, etter alt å døma ikkje vil nå fram. Å sola seg i glansen frå frendar som har lide liknande skjebne er ein svært farleg risikosport (vart dette “smør på flesk”… ?), men han tek sjansen. Ei fattigmannstrøyst er det no, uansett.

Ein onkel til eies var ingeniør, og han var med då Sognefjellsvegen skulle planleggjast. Namnet var Sigurd, og han var fødd i 1897. Han var frå første ekteskapet til bestemora, far hans var frå det andre.

Etter som eies har vorte fortalt, fylgde Sigurd eit svært enkelt prinsipp då han planla vegtrasseen over fjellet: Vegen skulle ikkje gå gjennom gjel og djupare parti der det pla leggja seg djupe snøfenner om vinteren. Vegen skulle leggjast langs høgdedrag der vinden var med på å fjerna snøen. Då vart snøbrøytinga mykje enklare.

Men “overingeniøren” hadde lært vegbygging etter andre prinsipp, mellom anna at den kortaste og billegaste måten å byggja veg mellom to punkt, det var også den beste. Og då la han gjerne vegen gjennom djupe skard og parti der snøfennene låg meterhøge om vinteren.

Mammon styrte den gongen som han ofte gjer, også i dag. Det beste forslaget, som ville innebera ein vinteropen veg, måtte vika for eit forslag som i første omgang var litt rimelegare, men som gav ein veg som no visstnok vert opna kring 1. mai . Diskusjonane den gongen var nokså harde, vart det fortalt…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: