Avisinnlegg i Sogn Avis

I dag stod dette innlegget i Sogn Avis:


Eg er djupt såra og vonbroten”

Slik ordla ein kjend politikar frå Sogn seg, i 1971. Utan samanlikning elles, sit eg med litt av den same kjensla i desse dagar. Eg var nok naiv då eg for ei stund sidan trudde at alle gode krefter endeleg drog same vegen.

Mykje tyder på at Luster kommune er i ferd med å seia “Nei takk!” til ei utsetjing av villrein, finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Direktoratet for Naturforvaltning (DN) og sponsorar. Dette gjeld også store deler av arbeidet som denne gongen ville ha vorte utført av løna tilsette. At kommunen på denne måten seier “Nei takk!” til arbeidsplassar, aktivitet og attraksjonar er vanskeleg å forstå. Faglege grunnar til ei slik haldning ser eg ikkje. Bonusen er at me til og med kan sitja att med ei ny villreinstamme…!

Det gjeld difor “å smi medan jernet er varmt”. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve Luster tilbod om ein gåvepakke når det gjeld korleis me skal få villreinen attende, i samband med opprettinga av Breheimen Nasjonalpark. Eit så gunstig tilbod vil nok ikkje Luster få fleire gonger. Somme vil sjå om reinen trekkjer hit “av seg sjølv” sidan stamma i Skjåk akkurat no er nokså stor. Slik eg ser det, vil dette neppe resultera i noko meir enn nokre ustabile bukkar på sommarsbeite. Difor vil kravet om ei utsetjing truleg dukka opp att på nytt, om nokre år. Eg håpar eg tek feil, men då vil det truleg bli mykje vanskelegare å gjennomføra ei utsetjing. i alle fall på dei gunstige vilkåra Luster har fått no i dag. Men sjølvsagt: Ei gåve har me alle full rett til å seia “Nei takk!” til.

Engasjementet for villreinen vil nok alltid vera der, men eg kjem i alle fall til å trappa ned engasjementet mitt for ei utsetjing. Triveleg hadde det vore viss ungdomar ville engasjera seg meir i villrein-saka. Eg kjenner mange spreke ungdomar, nokre av dei er også jegerar, men sjølvsagt må ein ikkje vera jeger eller grunneigar for å ynskja villreinen attende til fjella våre. Trur me må vera opnare for å sleppa yngre krefter til. Med all respekt for alderens visdom: På det siste møtet i prosjektgruppa var min kvite hårmanke den aller yngste…..!

At underskrivne er “såra og vonbroten” er heilt uvesentleg i denne samanhengen. Det som er tragisk, det er viss ikkje Luster forstår kor mykje lettare alt går, og kor mykje betre resultatet blir, viss ein vel å “smi medan jernet er varmt”. Så vidt eg hugsar var “kaldesmed” nærast eit skjellsord, i alle fall tidlegare.

Einar Ese, Jostedalen.


Ei tilbakemelding to “Avisinnlegg i Sogn Avis”

  1. eies Says:

    “Eg er djupt såra og vonbroten” har til dels vore brukt på ein fleipete og ironisk måte, til og med av dei som brukar bokmål elles. Men sjeldan har vel ein politikar uttrykt seg meir presist og ærleg enn det Kjell Bondevik gjorde i 1971.

    Eg har fått litt (berre litt) reaksjonar på at eg skreiv dette. Ein yngre musikar i dalen meinte at eg overdreiv og at eg ikkje kunne meina dette. Men han tok nok feil. (Viss ikkje det var ein fleip, då.)

    Elles er det folk som har vore samde med meg. Og det er hyggeleg!

    I våre dagar er det helst umoderne å få eit “kall”. I den grad eg nokosinne har følt eit “kall”, so er det nettopp i denne saka.

    Det er vemodig og tungt å gi opp dette som eg lenge har håpa på. Ei fattigmanns trøyst er det at det verken er første eller siste gongen at det beste forslaget ikkje vinn fram. Den trua tek ingen frå meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: