Mentoren min

Eg har ein mentor. Når det gjeld data. Han er truleg flink. I alle fall ordnar han det meste av problem eg har hatt i samband med datamaskiner.

Han er ein kjekk, triveleg og grei kar. Men no har han begynt å stilla krav. Eg får ikkje bruka Explorer lenger som nettlesar. Mozilla og Opera har han ikkje nemnt, men dei brukar eg sjeldan, så det er ikkje så nøye. Google er mykje raskare og betre, seier han.

Han seier at han skal sjekka det neste gong han er her. “Du lurer ikkje meg” seier han. Nei det gjer eg ikkje, ikkje på dataen, i alle fall.

Dette irriterer meg litt. Men eg lyt vel gjera som han seier. Han har ikkje trua med å ikkje hjelpa meg meir, men “det ligg liksom i korti.” Eg har vel ikkje noko val  :-(

5 kommentarar to “Mentoren min”

  1. fos Says:

    Nettlesaren heiter ikkje google men chrome. Men de er google som har laga den.

  2. eies Says:

    Javel, eg tek det til etterretning. Fornøgd med at det ikkje var fleire feil 🙂

  3. TT Says:

    Eg òg har merka at personar mellom 14 og 22 har eitt utgangspunkt: Internet Explorer er noko drit. Me som brukar IE er ”harry”. Kanskje har dei rett, men er det eigentleg so voldsomt avanserte ting ein nettlesar skal gjere? Bruk kva du vil, men eit godt råd (trur eg) er å avinstallere dei du ikkje brukar. Vel du Google Chrome so avinstaller IE.

    Eg hjelper ein del folk med data eg òg. Det som slår meg er at mange må ha fleire program for å gjere dei same (enkle) tinga. F. eks. å sjå på nokre bilete (og kanskje gjere nokre småjusteringar) eller sjå ein film. Eg har trua på å halde seg til eitt program og lære seg å bruke det skikkeleg. Altså: avinstaller dei programma du ikkje har bruk for.

    Det er vel også slik i dag at når du kjøper ein PC so er det installert mykje overvakingsdrit du ikkje har bruk for. Dette har eg i alle fall merka både hos Acer og HP. Dette tek ressursar frå maskina. Du kan sikkert fjerne det meste av dette i oppstarten. Eit godt program for å rydde opp i maskina er Ccleaner. Berre pass på å svare ja til alt! Køyr også diskdefragmentering av og til.

    Og kanskje det viktigaste du må kunne for å halde orden på PC-en er Windows Utforsker. Det er det du må bruke for å f. eks. organisere bilete. Ikkje desse tulleprogramma som føl med når du kjøper eit kamera. Forresten er eg gild eg er so gammal at eg måtte lære meg MS-DOS.

  4. eies Says:

    Ideelt sett er eg einig med TT. Og eg har låge forventningar til nettlesaren. Det viktigaste er at maskina utfører det eg ber om. Om det tek eit par sekund lenger tid betyr lite. På den andre sida byrjar eg å bli litt “glod” i Chrome…

    Men no har eg i eit par dagar prøvd å fylla ut eit reiserekningsskjema ved hjelp av Google Chrome. Umuleg! Så opna eg det same skjemaet ved Explorer, og alt gjekk som smurt…

  5. TT Says:

    Artikkel på VG Nett i dag: http://www.vg.no/teknologi/artikkel.php?artid=10082448

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: